5. mars 2026
Kva gjer du når kjærasten din får amputert beinet etter ulykke?
Då kjærasten til Anne-Lise Sundbø blei låramputert etter ei motorsykkel-ulukke i 2022, kjende ho først og fremst på glede over at han overlevde, men også på stor sorg over det som hadde hendt.

Tekst:
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
– Eg var så ufatteleg redd og sliten. Samstundes følte eg at det ikkje var rom for å seia, eller visa det, når kjærasten min hadde overlevd og trong meg meir enn nokon gong, fortel 62-åringen frå Stjørdal.
Ho hevdar pårørande generelt er ei gruppe som ofte blir litt usynlege. Etter ulukka til kjærasten har det blitt ei viktig oppgåve for henne å endra på nettopp det, og difor ønsker ho å dela si historie.
Kor blei han av?
Carl Fredrik Boug (63) var ungdomskjærasten som ho trefte igjen i vaksen alder. Dei to blei på nytt eit par i 2018. Livet blei fylt til randa av aktivitetar, begge elska å køyra motorsykkel og gå på konsertar, så det var full fart, fortel Anne-Lise.
Sommaren 2022 hadde Carl Fredrik vore på ei vekes motorsykkeltur med vennegjengen, og Anne-Lise gleda seg veldig til å få han heim. Ho hadde fått beskjed om at han nærma seg heimen, så ho gjekk og venta då det lei mot kveld. Men ingen Carl Fredrik kom, og tida gjekk. Det var via nettaviser at Anne-Lise forstod at mannen hennar hadde vore i ei alvorleg ulukke.
Etterkvart ringde ho St. Olavs hospital og la fram si sak, men dei kunne ikkje seie noko då. Etter ca 40 minutter med mange katastorfetankar fekk ho stadfesta at det var Carl Fredrik som var komen inn, hardt skadd. Livet var med eit naudskrik redda, men det eine beinet måtte amputerast.
Anne-Lise er klar på at politiet burde tatt kontakt med henne om ulukka, det skal ikkje vera naudsynt for pårørande å gå i uvisse så lenge som ho gjorde, seier ho. Ho tenkjer også at media bør vurdere kva dei skriv når dei skal varsle nyheitar, ikkje berre tenkje klikk og pengar.
Ho fekk ei venninne til å køyra seg til sjukehuset. Ho var i sjokktilstand under bilturen, tida gjekk med til å gråta og varsla familie og venner om det som hadde skjedd.
På intensiven ved St. Olav blei eg møtt med ekte varme, empati og omsorg. Der var dei opne for alle typar reaksjonar. Dei folka er proffe.
Ei fæl natt
Den natta var alt kaos, ho fekk sitja litt ved senga til Carl Fredrik, som låg intubert i djup søvn etter amputasjonen. Anne-Lise merka det var vanskeleg å få med seg og hugsa all informasjon som blei gitt, difor begynte ho å skriva dagbok og ta bilde frå sjukehuset. Dette er eit råd ho vil gi til andre pårørande også. Ho ber også helsesekretær-studentane ho underviser, om å gi rådet vidare til slitne pårørande når dei kjem ut i jobb.
Då Carl Fredrik vakna neste morgon slo han tørt fast at der gjekk resten av sommaren til helvete. Anne-Lise forsikra han om at det gjorde han då ikkje.
– Der skulle eg prøva og vera positiv, sjølv om eg kjende meg heilt ferdig inni meg. Eg var så glad for å ha han der, men eg var uroleg for det me måtte gjennom. Carl Fredrik, derimot, såg meir rasjonelt på det. Hadde han mista eit bein, måtte han jo få seg eit nytt. Han har eit meir stabilt humør enn meg, eg svingar meir, fortel ho.
Men sjølv om mannen tok situasjonen med fatning, merka ho at han også var prega. Carl Fredrik ville ikkje sleppe Anne-Lise av syne meir enn naudsynt, då ho drog heimom i korte ærend, ringte han henne for å høyre om når ho kom tilbake.
– Eg tok på meg for mykje
Anne-Lise er utdanna sjukepleiar, og det har ikkje berre vore ein fordel som pårørande, slår ho fast.
– Det førte jo til at eg tok på meg heimesykepleiarane sin jobb straks me kom tilbake frå sjukehuset. Carl Fredrik ville at eg skulle pleie han, men no i ettertid trur eg at det ville eg nok sagt nei til, om dette skjedde på nytt.
Ho meiner det er viktig at den pårørande får vera berre det, for hadde mannen hennar hatt heimesjukepleie, kunne ho gått seg ein luftetur mens han fekk stell og pleie. No blei det ingen pausar for henne.
Og Anne-Lise sto på, for ho følte jo at ho ikkje hadde lov til å korkje vere lei seg eller sliten, ho som hadde ein mann som trass alt hadde lurt døden og overlevd. Dessutan var ho jo vand med å stå på og klara seg sjølv, utan å spørje om hjelp. I dei tyngste stundene lurte ho på korleis ho skulle orka å stå opp neste morgon, og tanken på å komma tilbake til jobben verka uoverkommeleg.
– Eg følte meg gradvis mindre sett som pårørande etter me kom heim frå sjukehuset. Livet blei veldig travelt, forutan stell av mannen min, måtte eg jo ta meg av alt det andre i huset, og dessutan besøkande. I ein periode kjendest ingenting som påfyll, alt tappa. I tillegg fekk Carl Fredrik betennelse i såret, og han sleit med fantomsmerter.
Anne-Lise blei stadig meir sliten og sint. Ho følte livet var urettvist, følte på ein veldig uvisse, og tok lett til tårene.
Kor skulle ho retta sinnet?
Men kvar skulle ho gjere av dette sinnet? Ein dag rann begeret over og ein nabo fekk gjennomgå på grunn av ein bagatell. Mest av alt kjende Anne-Lise på ei slags sorg og ho var usikker. Det var så mykje å finna ut av og så få å snakka med. Ho kjende nemleg ingen andre amputerte. Dagane gjekk med til å ta seg av mannen, mens ho sette eigne behov på vent.
Etter eit nettsøk dukka Pårørendesenteret opp, og Anne-Lise var ikkje sein om å ta kontakt.
– Dette tilbodet var nett det eg trong, men eg veit at altfor mange pårørande ikkje veit at det finst støtte å få. Samtalane eg har hatt med ein tilsett på Pårørendsenteret har hjulpe meg ubeskriveleg mykje. Til ein utanforståande fagperson med teieplikt kan du lufta alle tankar og kjensler, også dei du føler du må teia om til dei næraste. I desse samtalane har eg kunna snakka fritt, og også visa fram sinnet mitt. Eg har blitt lytta til og fått forsikringar om at alle kjensler er normale og forståelege, fortel 62-åringen.
Anne-Lise føler seg som ei som har vore nær å drukna, men takka vera hjelp fekk ho etterkvart hovudet over vassflata. Og vel tre år etter ulukka kan ho slå fast at dei har tatt tilbake livet sitt, både som par, men også kvar for seg. Carl Fredrik klarer seg fint åleine og lever livet nesten som før. Anne-Lise arbeider fullt som lærar, mannen har gått ned i halv jobb etter ulukka, og vil snart pensjonera seg.
– Tvilte du nokon gong på at forholdet ditt til Carl Fredrik ville tola alt dette?
– Nei, eg gjorde ikkje det, vi hadde endeleg funne kvarandre igjen, eg tenkjer at vi tålar alt.
Eg følte meg gradvis mindre sett som pårørande etter me kom heim frå sjukehuset.
Å ta tilbake kvardagen
Vegen mot ein attkjennande kvardag har vore lang og krøkkete, men dei har stått løpet ut.
Galgenhumoren blei raskt eit viktig verktøy for Anne-Lise og Carl Fredrik for å få grep om det nye livet. Mottoet deira blei: Når du står til halsen i drit, er det svært dumt å henga med hovudet.
Ting gjekk eigentleg betre ganske fort, erkjenner ho i ettertid. Ho lærte seg å spørja etter hjelp og å innretta seg meir praktisk, slik at ikkje kvardagslivet eller reisene skulle bli så strevsame for henne som den første reisa dei drog på, fire månadar etter amputasjonen. Då var Anne-Lise utsliten etterpå etter å ha vore pakkesel og rullestolkøyrar under store delar av reisa. No er dei fleste energi-lekkasjane tetta, påpeiker ho. Paret har vore på mange fine turar i inn- og utland i dei sista åra.
Nå kan ho le av at det heng bein på badet, og linere (silikonstrømper) litt her og der i heimen deira. Møte med andre amputerte og deira pårørande, har gitt ny innsikt og felles erkjenning. Både ho og Carl Fredrik er no aktive medlemmer av organisasjonen Momentum, foreininga for amputerte, dysmelister og ortosebrukere. Anne-Lise er blitt likeperson for pårørande, og Carl Fredrik er blitt likeperson for amputerte. Ved å møta menneske som nettopp har gjennomlevd ein amputasjon, kan dei to vera gode eksempel på at livet går vidare, sjølv etter ei dramatisk hending.
Når du står til halsen i drit, er det svært dumt å henga med hovudet.
Paret har igjen begynt å køyra motorsyklar og dra på konsertar. Alt dei gjorde før kan dei gjera no også, men dei må rekna noko meir tid, for alt går litt meir sakte for ein amputert, forklarer Anne-Lise. Og planar kan måtta endrast brått om Carl Fredrik får sår på amputasjonstumpen, og difor må ta pause frå beinprotesen i periodar. Paret har måttet returnere hjem ved nokre anledningar pga. det.
No held ho føredrag
Dei to har også bygd drivhus saman, Carl Fredrik er nemleg veldig handy og ho får no prøvd seg som snikkarlærling. Dette drivhuset gir henne mykje glede, det er «furtebua» mi, fortel ho. Carl Fredrik har begynt med sitski, både slalåm og langrenn, og Anne-Lise er med som følgjeperson.
– Og så er det barnebarna, dei har vore vitaminbjørnar for oss begge, og har vore med i prosessen heile vegen. Når dei kom på besøk, blei det ikkje rom å vera i vårt eige, då måtte me inn i deira verd, og det kjendest frigjerande, seier Anne-Lise.
I etterkant av ulykka tok ho ei videreutdanning innen stress, alvorlege belastningar og traumelidingar. I samband med studiane laga ho eit foredrag om alt ho har vore gjennom, med tips til andre som anten er pårørande, eller arbeider med pårørande. Det held ho nå for studentar innan helse, tilsette innan helse, pårørandeforeningar og andre som er interessert i pårørandearbeid. Anne-Lise er innstilt på å halda fram med å spreia bodskapen om kva pårørande treng i tida framover.