29. mai 2025
Livet som ikkje blei som du hadde håpa
Livssorg kan ramma oss alle, men når ein er blitt gammal, kan ho vera ekstra tøff, fordi ein då veit at høvet til å gjera så mykje med det som ikkje blei som ein drøymde om, minkar dag for dag. Når du er 75 år, kan du ikkje leve livet på nytt.


Tekst:
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
Janette Røseth er psykolog og held jamleg foredrag om livssorg. Livssorg kan vera noko du opplevde som skubba livet ditt i ein annan retning enn du hadde drøymt om, eller det kan vera noko du ikkje fekk oppleva, som blei til ei sorg i livet.
Å vera ufrivillig barnlaus, er eit døme på sistnemnde. Sjølv opplevde Janette Røseth at mannen blei alvorleg sjuk då barna var små. Det endra livet til heile familien, og forventningar og planar måtte endrast.
Kan vera sorg å bli pensjonist
– Berre det å bli pensjonist kan vera ei kjelde til sorg for enkelte. For kven er ein utan jobben? For mange er jobben også ein viktig sosial arena og det kan kjennast tomt når ein brått ikkje lenger har ein jobb å gå til, seier ho.
Alderdommen er ei tid for å gjera opp rekneskap for mange, har ein ei pårøranderolle i tillegg, kan sorga over livet som ikkje blei slik ein håpte, bli ganske mektig.
For dei som ser fram til nyta pensjonistlivet, kan sjukdom plutseleg slå beina under planane paret hadde.
– Og kva gjer ein når ein kjekk alderdom går fløyten? Det er ikkje gjort i ei handvending og skapa seg ein ny, påpeiker Janette Røseth.
Ho fortel at det ikkje er uvanleg å bli både skuffa og irritert over sjukdommen som råkar, noko som gir pårørande dårleg samvit fordi det jo ikkje er den sjuke si skuld at han eller ho er blitt sjuk. Men når ein me står nær blir sjuk, er det lett å mista seg sjølv og mista det ein før var som par, fortel ho.
For brått kan livet bli ganske innskrenka.
– Det er ikkje så lett å seia til ein pårørande at sjølv om maken din ikkje kan gå på fjelltur, så kan jo du ta deg ein tur. For det første kan du drukna i dårleg samvit, for det andre så var det ikkje åleine i fjellet du ville gå, du ville gå saman med livspartnaren din. Sorga over at ein ikkje lenger er eit oss, er ei sorg som det ikkje er er så lett å snakka om, seier ho.
– Kven er eg nå?
Å bli pårørande, anten det skjer i yngre år, eller som gamal, reiser også nokre akutte spørsmål. Kva er det forventa at eg skal gjera? Kva skor skal eg ta på?
Alderdommen er ei tid for å gjera opp rekneskap for mange, har ein ei pårøranderolle i tillegg, kan sorga over livet som ikkje blei slik ein håpte, bli ganske mektig, fortel psykolog Røseth.
Ein kan angra på ting ein aldri fekk gjort og sørga over at det no er for seint å gjera noko med det. Og dersom den andre er sjuk, kan det kjennast ekstra einsamt, sidan det ikkje lenger er nokon å dela livssorga med.
– Å vera pårørande kan gi deg ei kjensle av at du berre eksisterer for andre, at det ikkje lenger er rom for å vera bare deg. Det kan bli ei sorg over å ha mista seg sjølv. Det at moglegheitene til å gjera om på livet, minkar, gjer det ikkje lettare.
Å vera pårørande kan gi deg ei kjensle av at du berre eksisterer for andre, at det ikkje lenger er rom for å vera bare deg. Det kan bli ei sorg over å ha mista seg sjølv. Det at moglegheitene til å gjera om på livet, minkar, gjer det ikkje lettare.
Likevel finst det alltid små grep ein kan ta, minner Røseth om.
– Lag dykk ei minnekrukke. Skriv ned på ein lapp gode minne som de har felles og legg dei i ei syltetøyglas. Den krukka kan gi felles glede på tunge dagar.
Lag ein ny målestokk for livet
Janette Røseth meiner også det er viktig å skapa seg ein dag 0 når alvorlege ting rammar i livet, anten det skjer tidleg eller seint i livsløpet.
– Skulle eg ha samanlikna meg med fridommen og gleda eg opplevde som 23 år gamal student, etter mannen min fekk hjerneslag, ville det alltid bli ei kjelde til sorg og tap, for henne blir eg aldri igjen. Det mest konstruktive er å bygga seg opp frå dagen då alt blei endra, og sjå at livet gradvis blir betre etter det som velta om på heile tilværet.
Ei minnekrukke kan vera til stor glede også for eldre pårørande, meiner ho.
– Sjølv om den andre har demens kan lappane i krukka med dei gode minna, dra personen tilbake og visa kven hen var før sjukdommen. Slik kan dei to finna tilbake til det dei var gjennom minnekrukka. Å bada i gode minne kan hjelpa mot irritasjon og sinnet som sjukdommen fører til, og gjera det lettare å opna for takksemd for det fine ein også har hatt saman.
Å bada i gode minne kan hjelpa mot irritasjon og sinnet som sjukdommen fører til, og gjera det lettare å opna for takksemd for det fine ein også har hatt saman.
Janette Røseth meiner det er god medisin mot livssorg for alle å øva seg på takksemd for dei små gode tinga i kvardagen.
Juks litt med hjernen
Ein god idé er å skriva ned alt som gjekk bra om kvelden, fordi tankane elles har så lett for å festa seg ved det som ikkje gjekk så bra i løpet av livet og dagen.
– Hjernen vår har fire gledestoff, og når me er triste og leie, kan me juksa litt for å lura hjernen til å laga desse, fortel ho.
Eit råd er å smila til seg sjølv i spegelen, øv deg på eit skikkeleg smil som når auga, sjølv om du ikkje kjenner deg glad. Med det same hjernen merkar at det er smilerørsler på gang, vil han produsera lukkestoff og du vil kjenna deg lettare til sinns.
– Oppsøk naturen, anten ved å gå i han eller setja deg utanfor heimen din. Naturen er ei stor kraft som ikkje krev noko av deg. Oppsøk sjøen og lytt til bølgene, lytt til fuglar, anten i det verkelege livet eller på lydopptak. Begge delar funkar og skaper godstoff i hjernen, forsikrar Janette Røseth.
Fargar som gir glede
Sjølv fann ho glede i strikking og hekling etter mannen blei sjuk. Det må vera noko så komplisert at du blir så oppslukt av handarbeidet at du ikkje kan la tankane dvela ved det triste, understrekar ho.
Hvordan kan du bidra?
Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan du best kan møte og ivareta pårørende?
Her kan du lese mer om dette:
- Når helsepersonell selv blir pårørende
- Gjør din BIT for pårørende
- Kunnskap om pårørendes følelser og reaksjoner
- Hvordan møter vi mennesker i sorg?
Fargar kan også gi glede. Kjøp puter i rosa, gult, oransje eller raudt. Musikk er også ei kjelde som set fart på hjernens cocktail av signalstoff. Lytt til musikk som gjer deg glad og rør deg til musikken om du kan, for å få endå betre effekt, er hennar råd.
– Lag deg ei gladliste i jakta på gleda, for du kan lura hjernen som er biologisk programmert til å reagera på slike triks.
Å snakka høgt til seg sjølv når ein er åleine er også ein måte å lettar på trykket. Å seia ting høgt, gjer dei ofte meir sanne enn om ein berre tenkjer ting stille inni seg.
– La gifta sleppa ut i skogen i bilen eller når du er åleine heime. Det blir som å rydda i boden. Vær ærleg og gjerne sint, kjeft og smell, og du vil føla deg rolegare etterpå. Det kan også vera effektivt å skriva av seg vonde kjensler, legg ho til.
– Å skriva av seg dagen på denne måten, lettar ofte tankekøyret som fort kan melda seg ved leggetid.
Tilpass forventningane dine
Og så må folk våga å vera til bry. Spør om hjelp og hugs at andre har lyst til at du skal vera til bry, for folk likar å vera til hjelp, fordi det gir dei meining. Så du skal la dei få lov til det.
– Og som pårørande er det ikkje alltid så lett å vita kva ein skal be om hjelp til, for mange gonger treng ein rett og slett hjelp til alt du kan tenkja deg, og då blir det litt overveldande å vita kva ein eigentleg treng hjelp til. Mitt råd til andre er difor å gå konkret til verks. Har du kjøpt deg ny støvsugar, be om å få testa han hjå den som er pårørande. Dukk opp med ei gryte mat.
For Janette Røseth er det viktig at me held oss med dei rette forventningane til livet. Det kan vera ei god motgift og dempa smerta livssorg gir. Det er mykje me ikkje styrer i liva våre, men me kan styra kva forventningar me skal ha, påpeiker ho.
Har du feil forventningar, skap deg nye, finn deg nye, slik at det blir lettare for deg å falla til ro i det livet du fekk.