9. november 2025

Mette blei enke brått og uventa

Ei natt blei ho vekt av mannen sin som sa han hadde fått eit hjarteinfarkt. Nokre timar seinare døydde han frå henne.

Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist

Mette og mannen hadde vore på hyttetur dagen før, og mannen hennar var ved god helse og var frisk då dei gjekk til sengs om kvelden. Morgonen etter var ho enke, 69 år gamal.

Ho og Rune var jamgamle og hadde så smått begynt å legga planar for pensjonistlivet saman.

Framleis går eg inn i periodar der eg er veldig trist, men desse kjem sjeldnare no.

– Det var rått og brutalt og ekstremt einsamt å bli åleine etter å ha levd saman i over 40 år, seier Mette Kalve.

Det er to år sidan 71-åringen mista mannen sin, og ho har fått hovudet over vatnet att, men framleis går ho inn i periodar der ho er veldig trist, men desse kjem sjeldnare no, fortel Mette.

– Sorg er hardt arbeid

Pensjonistlivet sette ho på vent, for jobben blei ein viktig arena for å treffa andre.

– Eg kom på jobb rundt ein månad etter at han døydde, då var eg nok ikkje særleg produktiv, men eg sette pris på å ha ein arbeidsgjevar som viste forståing, seier Kalve, som er tilsett i Kirkens Bymisjon.

Ho arbeider i administrasjonen og får difor ikkje brukt den nye ballasten sin i møte med andre menneske som er i sorg, men når ho blir pensjonist neste år, har ho planar om å melda seg til teneste for Kirkens SOS, til dømes, fordi ho kjenner seg klar for å la det hennar eigen sorgprosess har lært henne, koma andre til nytte.

– Eg veit no at det finst lys på andre sida, slår ho fast.

Ho jobbar som vigslar for Humanetisk Forbund på fritida, men har ikkje tatt på seg gravferdsseremoniar.

– Det er eg ennå ikkje klar for, å snakka i ei gravferd ville ført til at eg overidentifiserte meg med dei sørgande, seier ho.

Men utanom hunden, så kjem eg jo heim til tomt hus og har ingen å snakka med om dagens erfaringar og opplevingar. Eg har ingen å krypa inntil om natta og ingen å stå opp med.

– Å sørga har vore hardt arbeid og du blir fysisk trøytt av det. Eg trudde likevel ikkje at eg skulle kjenna ei så sterk kjensle av einsemd, for mannen min og eg har fire barn, seks barnebarn, me har slekt og venner rundt oss. Men utanom hunden, så kjem eg jo heim til tomt hus og har ingen å snakka med om dagens erfaringar og opplevingar. Eg har ingen å krypa inntil om natta og ingen å stå opp med, fortel ho.

– Eg orka ikkje dela andre si sorg

I sorgarbeidet har ho brukt vener og kjente.

– Eg greidde ikkje å gå i sorggruppe for då måtte eg tatt innover meg andre si sorg også, og det kjende eg at eg ikkje hadde krefter til då.

Ikkje så lenge etter mannen døydde av hjarteinfarkt, opplevde Mette sjølv å ha smerter i brystet. Ho søkte lege, og alt blei sjekka og funne i orden.

– Dette var ein psykisk reaksjon på sorga, samstundes ønskte eg ikkje at familien skulle oppleva endå eit brått dødsfall. Samstundes betydde det ikkje så mykje for min eigen del om eg levde vidare eller ikkje, for sorga var så stor, fortel 71-åringen.

Etter omtrent tre månader letna det gradvis, men eg måtte heile tida jobba med seg sjølv og sorga for å komma meg vidare.

Ønsket om å døy er for lengst borte. No kjennest det godt å leva og ho er ikkje blitt meir redd for å dø etter mannen døydde så brått.

Dei første dagane etter Rune døydde gjekk Mette på autopilot og fekk ordna alt ho måtte i samband med dødsfallet og gravferda. Etterpå fungerte ho knapt dei første månadene, fortel ho.

Ho kunne gå på butikken med tanke på å handle seg mat, men kom gjerne ikkje heim med noko som kunne setjast saman til eit måltid. Etter omtrent tre månader letna det gradvis, men ho måtte heile tida jobba med seg sjølv og sorga for å komma seg vidare.

– Ikkje ha noko uoppgjort!

– No er eg på ein god stad att der eg igjen kjenner glede over livet, men saknet etter mannen min vil eg alltid bera med meg. For meg er det ei trøyst at me hadde eit godt samliv og ikkje hadde noko uoppgjort mellom oss før han døydde. Me hadde også hatt praten om kva me ville at den andre skulle gjera om ein av oss døydde. Eg har hatt kreft fleire gonger, og det var i samband med denne sjukdommen me tok den praten. Mitt råd til andre er å også ta den praten i god tid, for ein veit ikkje kva framtida bringer. Sørg også for at det ikkje finst tema som ligg og ulmar mellom dykk, i tilfelle de ikkje skulle få høve til å ordne opp. Eg og mannen min snakka også om at me unte kvarandre å finna kjærleiken på nytt. Slik kan den andre gå vidare i visse om kva den avdøde hadde ønska, påpeiker ho.

No er eg på ein god stad att der eg igjen kjenner glede over livet, men saknet etter mannen min vil eg alltid bera med meg.

Dødsfallet til Rune har gjort henne meir opptatt av å søka det i livet som gir henne glede og påfyll, noko ho meiner er spesielt viktig for henne som etterlatt. Hans død var ei påminning om at ingen av oss veit kor lenge me får leva.

– Eg blei spart for mykje

Til sommaren er planen å bli pensjonist, men det kjennest sårt å ikkje få bli det med han ho hadde ønskt å bli det saman med. Planane dei hadde blir no erstatta med andre planar saman med vener, fortel ho.

Mette seier ho er ein person som ikkje likar å vera så mykje åleine, ho orienterer seg difor mot vener og familie når ho legg planar.

Ho er overraska over at ho kom så langt i sorgarbeidet på berre eit år, og har håp om mange gode dagar framover. Ein viktig del av dette arbeidet var å gå lange turar med hunden.

Sjølv om mitt tap også har gitt meg stor sorg, er eg takksam for at eg slapp å vera pårørande til ein sjuk mann, for eg har forstått etter samtalar med vener, at det kan vera ein tung og seig kamp å vera pårørande.

– Før Rune døydde hadde eg ofte lyd på øyret når eg lufta hunden, no går eg utan, for å kunna reflektera i fred og ro.

– Er det verre å mista nokon brått enn etter lang tids sjukdom?

– Eg trur ikkje det er enklare sjølv om døden er venta. Den etterletne blir då ofte så sliten og traumatisert etter tunge omsorgsoppgåver og sterke inntrykk etter å ha sett den andre si liding, noko som kan gjera det endå tyngre å komma seg vidare etterpå. Sjølv om mitt tap også har gitt meg stor sorg, er eg takksam for at eg slapp å vera pårørande til ein sjuk mann, for eg har forstått etter samtalar med vener, at det kan vera ein tung og seig kamp å vera pårørande. Sjølv er mine siste minne om Rune ein fin hyttetur me hadde saman, viser Mette til.