1. august 2025

Når det er lettare sagt enn gjort for pårørande å ta vare på seg sjølv

«Du må ta vare på deg sjølv», er ei oppmoding mange pårørande får høyra. Pårørandeansvarleg i LAR Helse Stavanger, Ingeborg Feed Reinsnes, forstår at dette ofte kan oppfattast som ein provoserande floskel.

Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist

For når skal ein få tid til eigenpleie når all tid går med til å uroe seg for ein kjær som rusar seg? Og kva betyr det eigentleg å ta vare på seg sjølv? Å leva nær ein med rusutfordringar, kan også føra til helseproblem hjå den pårørande. Det kan dreia seg både om både fysisk og psykisk uhelse. Men pårørande lever svært forskjellig med rolla.

Reagerer ulikt

Reinsnes, som er ein av fleire pårørandekontaktar i LAR Helse Stavanger, poengterer at pårørande kan ha ulike behov, fordi me er ulike som menneske.

– Difor reagerer me gjerne ulikt når nokon me lever nær blir sjuke eller har det vanskeleg. Men me kan alle ha behov for å bli sett, legg ho til.

– Pårørande til menneske med rusutfordringar står gjerne i rolla, døgnet rundt, i mange tiår, og det gjer dei ofte svært slitne, seier Ingeborg Feed Reinsnes. Ved hennar arbeidsplass i LAR Helse Stavanger får brukarane legemiddelassistert rehabilitering (LAR) i det nasjonale pasienforløpet for rusbehandling (TSB) – men deira pårørande får også eit tilbod.

Ein av utfordringane når ein er pårørande til ein pasient med rusavhengighet, er uvissa. Ein veit aldri når det kan komma ein dramatisk beskjed. Difor kvepp mange til kvar gong telefonen ringer. Uroa forplantar seg gjerne til andre område i livet.

– Det er det jo ikkje alle brukarar i LAR som vil oppheve teieplikta, men me har også tilbod for desse pårørande, men agendaen for samtalen blir då ulik, seier Reinsnes.

Med hjarta i halsen

Reinsnes legg til at dei alltid oppmodar brukarane om å la pårørande få bli med, ikkje berre fordi dei då kjem i posisjon til å gi dei eit tilbod, men også fordi dei er ein ressurs for behandlinga av den sjuke.

– Me har tru på at tilbod til pårørande er vinn-vinn. Tek ein vare på pårørande, tek ein også vare på pasienten, og tek ein vare på pasienten, tek me også vare på den pårørande. Eg plar seie til kollegane mine at når ein pasient kjem inn til oss, skal me alltid tenka at han ikkje kjem åleine. Sjølv om dei pårørande ikkje alltid er fysisk saman med pasienten, har dei aller fleste pasientane nokre menneske dei er glade i, og som er deira pårørande sjølv om dei ikkje er fysisk til stades. Me må sjå kvart enkelt menneske i ein heilskap.

Ein tilbyr både individuelle samtalar og lagar også til større samlingar for pårørande, der ein kan møta andre som ein kan dela erfaringar med.

– Ein av utfordringane når ein er pårørande til ein pasient med rusavhengighet, er uvissa. Ein veit aldri når det kan komma ein dramatisk beskjed om overdose eller sjukehusinnlegging. Difor kvepp mange til kvar gong telefonen ringer. Uroa forplantar seg gjerne til andre område i livet. Enkelte klarer betre å kobla ut redsla enn andre, likevel vil det alltid liggja på lur i bakhovudet, påpeiker Ingeborg Feed Reinsnes.

Hennar inntrykk er at kvinner og menn ofte handterer denne type pårøranderolle ulikt.

– Me ser flest kvinner på pårørandesamlingane og også i samtale, men det treng ikkje bety at kvinnene er mest på. Eg trur menn også har behov for å bli sett som pårørande, men kanskje det ikkje er så naturleg for dei å setje seg ned på eit kontor og prate om det, påpeiker ho.

Nokre minutt eigenpleie

Pårørandesamlingane har ulike tema, som til dømes, livssorg, ein kvardag med rus, rusens funksjonar og korleis pårørande kan ta vare på eiga helse.

– Me er varsame med dette rådet til utslitne pårørande som står i tunge utfordringar. Me ser jo kor vanskeleg det kan vera å ta vare på seg sjølv i praksis. Om ein spring i eit hamsterhjul kan det vera skummelt å stoppa det, for ein veit ikkje heilt korleis det går om ein stoppar opp. Kva skjer då? Nokre gonger kan likevel nervesystemet ha behov for at ein lærer seg teknikkar til å få slappa av. Saman med eit anna medmenneske kan den pårørande  resonnera seg fram til kva som kan gi små og meir overkommelege pusterom i kvardagen. Det finst nemleg ulike verktøy ein kan ta i bruk for å bryte ut av uroa, om ikkje for meir enn nokre minutt om gongen, forklarer pårørandeansvarleg Reinsnes.

Me ser flest kvinner på pårørandesamlingane og også i samtale, men det treng ikkje bety at kvinnene er mest på. Eg trur menn også har behov for å bli sett som pårørande.

Det finst nemleg teknikkar som lurer hjernen til å få systemet til å roa seg. Ein måte kan vera å ta eit visst tal med djupe magadrag per dag, fordi det verkar roande på kroppen.

Alle dei vonde tankane

Ho seier at for mange pårørande er det ikkje så enkelt å snakka med kven som helst om det dei står i, fordi det er så vanskeleg for andre å fatta. Mange pårørande til menneske som er avhengige av rus opplever også at dei slit ut venner med uroa si, difor er det også godt å finna nye lyttepostar.

Hjå LAR Helse Stavanger kan ein samtala med nokon som kjenner til utfordringane og er situasjonen alvorleg nok, kan fastlegen henvisa den pårørande til sitt eige behandlingsopplegg.

– Hjå oss kan den pårørande berre komma for å prata utan å vera med i samlingane. I slike samtalar er det rom for den pårørande å komma med all si uro og å snakka ærleg og utan filter om alle typer kjensler. Somme skammar seg over at dei er i ferd med å gi opp og sleppa taket i den som er avhengig av rus, fordi dei er heilt utslitne og ikkje maktar meir. Dei kan snakka om alt det dårlige samvitet og den dårlege sjølvkjensla rolla som pårørande til ein med rusproblem, kan føra til.

– Som russisk rulett

For nokre år sidan var det ikkje uvanleg at utslitne pårørande fekk råd om å stenga døra den sjuke, no har ein gått bort frå tankegangen om at den med rusutfordringar skal kastast heilt ned i kjellaren for å få han opp igjen.

For mange pårørande er det ikkje så enkelt å snakka med kven som helst om det dei står i, fordi det er så vanskeleg for andre å fatta.

– I dag lyttar me mest til kva den pårørande føler. For somme vil det å ta vare på seg sjølv innebera å stenga personen som slit med rus ute. For andre vil det verke motsett, og det kan skapa endå meir uro å kutta all kontakt med den sjuke. Me har innsett at det ikkje finst noko fasitsvar på spørsmålet om korleis den pårørande best kan ta vare på seg sjølv, forklarer Reinsnes.

Generelt sett tryggar det pårørande å få informasjon om korleis LAR sitt behandlingsopplegg verkar, men teknisk informasjon er ikkje alltid nok til å skapa ro for ein pårørande, for ifølge Reinsnes, så er eit liv nær ein person som slit med rus, ofte kaotisk, farleg  og uføreseieleg. Dagane kan minna om russisk rulett.

– Då er det vår oppgåve å stå i det vonde saman med den pårørande, å ha tid til å vera saman, utan å komma med gode råd, for me må erkjenna at av og til så er livet utrygt og vanskeleg. Då skal me først og fremst lytta til denne uroa, framheld ho.

Kva lyser opp livet?

Åra som pårørandeansvarleg i LAR har lært henne at både store og  små grep kan gjera livet litt betre for den pårørande. Svaret på kva som er eit godt liv med høg livskvalitet kjem ikkje med to strekar under. Somme opplever også at belastningane går i faser, der nokre periodar er rolegare fordi den rusavhengige er inne i ein meir stabil periode.

Slik som dei pårørande er ulike, lever også LAR-pasientane svært forskjellige liv. Pasientane i LAR lever liva sine over eit like stort spekter som andre innbyggarar i Norge.

Fleire kjem heldigvis ut av rusen takka vere LAR, og då blir ofte også pårørande sitt liv mykje betre.

– Men det er ingen automatikk, for seinskadar kan komma, i tillegg er det vanleg at pårørande ber med seg frykten for tilbakefall lenge etter at den rusavhengige er blitt rusfri. Ingeborg Feed Reinsnes oppmodar alle pårørande som er i målgruppa om å ta kontakt for ein prat, for det er ledige plasser.