1. oktober 2026

Marius har vore pårørande til tre kreftsjuke familiemedlemmer

Dei siste ti åra har svært mykje av livet til Marius Nord Melås (37) handla om å vera pårørande. Først fekk søstera kreft, deretter fekk mora kreft i bukspyttkjertelen og for ikkje så lenge sidan fekk faren kreft i beinmargen. Marius kjenner det både i kropp og sinn, å leva så mange år i angst og beredskap set sine spor.

Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist

Tøft og brutalt

– Det har vore tøffe og brutale år. Det har ikkje vore nokon ende på sjukdom til tider. Eg lever eit ganske normalt liv, men eg er aldri heilt roleg, for eg uroar meg alltid for den som er sjuk og fryktar at ny sjukdom kan oppstå. Ein del av meg er difor alltid på vakt. Eg veit ikkje heilt korleis det er å leve utan den uroa, ho ligg der heile tida.

– Far har vore klar på at han vil styra det meste av livet og sjukdommen sin sjølv, og det er jo frigjerande på eit vis, han kan faktisk bli litt irritert om eg blandar meg for mykje inn, fortel 37– åringen. For meg er den viktigaste jobben no og stola på at han følger opp si eiga helse slik han seier han gjer. 

Marius snakkar med både far og søster fleire gonger om dagen. Det er blitt ein heilt unik relasjon etter alt me har stått i saman, og me sjekkar ofte inn med kvarandre i løpet av dagen, fortel han.

Då mora brått fekk diagnosen kreft i bukspyttkjertelen gjekk ho raskt frå frisk til veldig sjuk, og då følgde Marius mora svært tett dei månadane ho fekk leva.

Du kan ikkje vera der alltid

– Eg blei fullt sjukmeldt den perioden og det å sjå mor mi så sjuk var svært vondt og krevjande. Då flytta eg mellombels tilbake til heimstaden min for å vera med henne heile tida. Seinare når familiemedlemmer er blitt sjuke har fastlegen min, som eg ikkje kan få fullrosa, råda meg til å ikkje vera der heile tida, men å halda mest mogleg fast på livet mitt på Austlandet, slik at eg også får noko normalt i kvardagen.

Bitterheit kan jo ta mange år å arbeide seg gjennom, og det er mykje lettare sagt enn gjort. Men eg trur det er viktig å aktivt velje å gå vidare, fordi det ikkje fører noko godt med seg å bli ståande fast i det.

Livet har lært han at det er ikkje berekraftig å sitja og halda den sjuke i handa heile tida, den pårørande treng pause, om så ikkje meir i ein time. Situasjonen vil ikkje endra seg for den som er sjuk om ein tek desse pausane, og utan å ta vare på seg sjølv, greier ein ikkje halda ut, understrekar han. Marius trur også den sjuke kan ha godt av at den pårørande trekker seg bort i periodar. Slik kan begge få overblikk over situasjonen.

– Eg pla masa veldig på mor om at ho måtte få i seg mat. Denne velmeinte masinga mi blei ho nok litt lei av, men då eg ved eit høve gjekk meg ein tur ut, hadde ho faktisk ete maten sin, utan mas frå meg.

Å vera pårørande til foreldre og søster som alle tre har hatt kreft, og attpå til tre ulike kreftformer, gjer jo at Marius lurer på når han får kreft.

Har vore redd for å bli sjuk sjølv

– Eg er blitt ganske engsteleg for at eg sjølv skal bli sjuk, ja. Litt vondt i hofta eller ryggen kan få katastrofetankane i gang, og for eit par år sidan var eg så stressa og redd for alle slags fæle sjukdommar, at eg knapt åt eller sov, og eg gjekk til lege heile tida. No har eg lært meg til teknikkar som hjelper meg å få kontroll over desse vonde tankane. Eg tenker tanken ut og så pustar eg djupt og prøver å få overblikk over situasjonen. Om far klagar seg over litt vondt i ryggen, kan eg fort tenke det verste, men deretter må eg tenka, er det sannsynleg, og i så fall, ville ikkje legane alt ha sett det og informert om det? Og eg har forstått at etter ein dag med hardt fysisk arbeid er det truleg ikkje kreft som gjer at eg har litt vondt her og der, forklarer han.

Når han frykta sjukdom brukte han Google i desperasjon for å finne håp.

Marius arbeider ved Fontenehuset i Asker. Det er eit frivillig arbeidsfellesskap for menneske med psykiske helseutfordringar. Her får han til fulle brukt si eiga dyrekjøpte erfaring og kan forstå medlemmane ekstra godt sidan han har stått i det sjølv. Han slår fast at han har verdas mest meiningsfulle jobb. Han har også sjølv erfart psykisk sjukdom på kroppen, både han og søstera hadde alvorlege eteforstyrringar som unge vaksne og var ein periode innlagde på likt.

– Ho og eg er som eit menneske, etter alt me har vore gjennom saman. Me er svært like og det går ikkje ein dag utan at me har kontakt.

– Eg skal ikkje bli bitter

Han er fast bestemt på å ha eit godt liv oppi alle påkjenningar, slit og uro, og har ikkje tillate seg å bli bitter.

– For meg handlar det ikkje berre om ein eigenskap, men eit val ein må ta over tid. Bitterheit kan jo ta mange år å arbeide seg gjennom, og det er mykje lettare sagt enn gjort. Men eg trur det er viktig å aktivt velje å gå vidare, fordi det ikkje fører noko godt med seg å bli ståande fast i det.

Ting er slik dei er og han får ikkje gjort noko med det, sjølv om det i korte stunder kan kjennast urettvist og motlaust, så er han nøye på å fort komma seg ut av slike negative tankespiralar.

– Eg er heldigvis født med eit ganske lyst sinn, mor mi hadde også det. Den eigenskapen har kome godt med, for eg meiner ei av dei viktigaste oppgåvene for ein pårørande er å tenna håp for den sjuke.

Trass i lang erfaring som pårørande trur han aldri ein kan bli herda eller vand med å ha den rolla.

– Det treff deg ulikt kvar gong, så dette kan ein ikkje bli proff på, slår han fast.

Ein kropp i heilspenn har godt av å bli brukt, har han funne ut, difor er han fysisk aktiv så ofte han kan, gjerne med musikk eller ein podcast på øyret som han kan læra noko av. Skriving gir han også mykje. Han skriv helst kronikkar og samfunnsretta tekstar. Draumen er no at han og søster skal skriva bok saman om alt dei har stått i saman.

No har eg lært meg til teknikkar som hjelper meg å få kontroll over desse vonde tankane. Eg tenker tanken ut og så pustar eg djupt og prøver å få overblikk over situasjonen.

God oppfølging frå koordinatoren

Som pårørande føler han seg for det meste sett, og han er svært glad for at både mora, søster og faren har hatt same kreftkoordinator. Ho kan dei kontakta når som helst og det kjennest trygt å ha nokon som kjenner familien så godt, seier han. Ifølge Marius har koordinatoren gitt dei svært god oppfølging.

Marius greier til tross for mykje motgang no å forvente at livet også har gode ting på lur i vissa om at det som skjer, det skjer, anten det er godt eller vondt.

– Eg kan ikkje styra så mykje, men eg er medviten på å leva sunt og aktivt for å ta best mogleg vare på helsa mi. Men fanatisk blir eg ikkje, det viktigaste er å ha ein god balanse i livet. Eg prøver å leva eit balansert liv, der eg tek vare på helsa mi utan å bli ekstrem. Og etter å ha blitt frisk frå eteforstyrringa set eg svært stor pris på gleda over å eta god mat. Livet mitt er no for det meste bra, sjølv om nokre dagar er tyngre, så har eg håp og draumar for framtida.

Når det ser som mørkast ut må ein minna seg sjølv på at ingenting i livet er permanent. Det er heile tida i endring, og det går vidare uansett kva som skjer. 

– Me må ikkje mista trua på at livet kan snu og brått bli mykje betre, seier Marius.

Holder jeg også på å bli syk?

Som pårørende kan bekymringer, ansvar og belastninger over tid påvirke hvordan du selv har det. Kanskje kjenner du deg mer sliten, urolig eller nedstemt enn før, eller blir bekymret for om du selv holder på å bli syk. Det er ikke alltid lett å vite hva som er vanlige reaksjoner på en krevende situasjon, og når det kan være lurt å søke hjelp.

Les mer om dette her: