140720%20AKTUELT%20Koronabegravelse%20

← Gå tilbake

Heidi
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist

– Korona-gravferd var krevjande

Liv Hiim sin bror Magnus døydde i mai etter lengre tids sjukdom. Å ha gravferd i koronatida blei ei stusseleg oppleving, fortel kvinna frå Sand i Suldal.
Å vera pårørande til ein alvorleg sjuk midt i korona-nedstenginga, blei ei stor påkjenning både for pasient og pårørande. Livsforlengande behandling måtte utsetjast, og dermed blei tanken om den tilstundande gravferda ekstra påtrengjande for søstera Liv og dei andre i den næraste familien. For korleis ville ei gravferd i koronatida bli?
 

Kven skulle få invitasjon? Ein god ven frå barndommen, eller noverande vener? Og kven av søskenbarna skulle få komma?


– I vår slekt er det tradisjon med store gravferder, der ein ikkje berre sørgjer, men også feirar livet til den som er borte. Me ler og gret om einannan, og ikkje minst så klemmer me mykje i vår slekt. Det blei faktisk ei ekstra sorg at me ikkje fekk gitt bror vår den gravferda han fortente og som slekta, bygda og venene våre var vande med, seier Liv.
 

Kven skulle få komma?

Sjølv om gravferda som skulle arrangerast maksimalt hadde plass til 50 gjester (dei medverkande i gravferda kom utanom), så blei det minst like travelt som å skipa til ei vanleg gravferd med mange innbedne, fortel Liv.

Den næraste familien talde totalt 32 personar. Dermed var det berre 18 andre som ville få plass i kyrkja. Fordi nålauget var så trongt, valde brorens kjæraste å ikkje be inn nokon av sine slektningar.

– Å velja ut desse gjestene, blei smertefullt og sette oss søskena på prøve. For kven skulle få invitasjon? Ein god ven frå barndommen, eller noverande vener? Og kven av søskenbarna skulle få komma? Det tok tid før me pårørande blei samde om kven me skulle ringa til, og når me ringde til ein person, måtte me gjerne seie at innbydinga ikkje gjaldt ektefelle. Andre ringde og spurte om det var plass til dei. Då var det inga god kjensle å seie nei, sjølv om alle forstod situasjonen.
 

Måtte føra lister

Dei pårørande måtte operere med to ulike lister, for det var somme som berre kunne vera med i kyrkja og ikkje på minnestunda etterpå, dermed kunne familien fylle på med andre gjester til denne, men alt måtte sirleg loggførast. Alle gjester skulle registrerast med fullt namn, adresse telefonnummer og e-post.

– Det var ingen liten jobb for ein distré og litt ustrukturert familie som oss, påpeiker Liv med ein tørr lått.

–  Men me måtte jo lage ein veg gjennom dette.
 

84 personar følgde seremonien direkte, og opptaket hadde 883 visningar det døgnet det låg ute. Det viser oss at mange ønskte å ta farvel med Magnus.


I tillegg til dei femti gjestene i kyrkja, kunne folk ta oppstilling utanfor kyrkja då kista kom ut, og få ta farvel med Magnus på det viset. Alle som skulle inn i kyrkja og delta på minnesamværet, måtte sprita hendene sine først.

Dei som ikkje fekk komma i gravferda på grunn av korona-restriksjonane, kunne følgja arrangementet via livestreaming på Facebook. Å filma seremonien og få minnebrikke med filmen etterpå kosta totalt 16 000 kroner, men familien ønskte at flest mogleg skulle få vera med.
 

På Facebook etter sin død

– Bror min kom ikkje på Facebook før han døydde, for me måtte laga ei side i hans namn der folk kunne gå inn for å sjå gravferda. 84 personar følgde seremonien direkte, og opptaket hadde 883 visningar det døgnet det låg ute. Det viser oss at mange ønskte å ta farvel med Magnus, og då var denne digitale løysinga ei god hjelp, men ikkje ei fullgod erstatning. På nettet sende folk hjarte og skreiv medfølande ord i kommentarfeltet. Det var fint.

– Filminga frå kyrkja gjekk bra. Folk som såg via nettet hade stort sett både god lyd og gode bilde, men filminga på kyrkjegarden blei ikkje direktefilma, slik avtalen var, og det var jo litt trist. Elles er me glade for å ha opptak av Magnus si gravferd, som me kan visa oppveksande slekter. Det ville me jo ikkje hatt om tida hadde vore normal, påpeiker Liv Hiim.
 

Vanlegvis plar me takka kvar og ein som kom i gravferda i handa, så det var eit sakn å ikkje kunna gjera det då Magnus blei gravlagt.


I ettertid har ho høyrt at ikkje alle som ønskte det fekk med seg gravferda digitalt. Dette gjaldt spesielt eldre som ikkje hadde Facebook, eller mangla PC, mobiltelefon eller nettbrett.

Etter seremonien i kyrkja samlast femti gjester i storsalen på hotellet.
 

Taust i salen

– Denne salen var fullpakka då me tok farvel med mor. Å samla femti mann her inne blei noko stusseleg. Det var 3 -4 meter mellom kvart bord. Avstanden var for lang til at dei ulike familiegruppene kunne føra samtalar på tvers av borda. Det blei difor ganske taust, det einaste ein kunne gjere var å småsnakka med sine, når det ikkje blei formidla minneord gjennom ein mikrofon framme i salen, fortel Liv.

– Personalet kom og sette ein asjett med tre smørbrød fram til kvar gjest og skjenka kaffi. Etterpå kom dei ut med eit kakestykke til kvar av oss.

Denne minnestunda blei tamme greier mot dei me plar å ha i vår slekt. Folk i bygda vår pla skilja mellom gilde gravferder og «snipplege» (smålåtne, gnidne). Denne koronagravferda ville definitivt fått dommen «snippleg», slår Liv fast.
 

Sakna å klemma

Å ikkje kunna klemma dei ho ville, kjendest hjarteskjerande- Heldigvis hadde Liv ei søster og andre nære familiemedlemmar ho kunne klemma og halda rundt gjennom dagen. Dei tradisjonelle handtrykka til fjernare gjester blei erstatta av nikking.

Liv følte det fungerte toleg bra og opplevde ikkje at gjestene var forlegne då dei passerte familien etter gravferda.
 

Heldegvis hadde me ei meir privat minnesamling heime på slutten av dagen. Denne kunne føregå ute og blei difor litt meir i Magnus si ånd.


– Men vanlegvis plar me takka kvar og ein som kom i gravferda i handa, så det var eit sakn å ikkje kunna gjera det då Magnus blei gravlagt.

Ho sit ikkje igjen med så mange positive erfaringar etter gravferda, det blei mest annleis. Trøysta er at broren fekk døy heime, dermed kunne han ha pårørande rundt seg heile tida dei siste dagane han levde. Det ville han ikkje ha kunna på same måte om han hadde vore innlagt på institusjon.
 

Opptur på kvelden

Heldegvis hadde dei ordna med ei meir privat minnesamling heime på slutten av dagen. Denne kunne føregå ute og blei difor litt meir i avdødes ånd.

– Men me sytte for sprit på alle bord, seier Liv og ler galgenhumoristisk.

I tillegg blei Magnus sin finaste konjakk servert dei vaksne og siste gjest gjekk ikkje heim før klokka halv eit om natta. Liv er glad for at gravferdsdagen tok seg opp mot slutten.

– Eg er glad eg har ein storfamilie som kan laga til slike samankomster, alle slekter greier ikkje det. Utan denne siste samlinga hadde gravferdsdagen blitt ganske så stusseleg.
 

← Gå tilbake

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


Som pårørande til ein dement, har Anne-Brit blitt spesialist på å fortelje det same på ti forskjellige måtar. Før mannen hennar fekk demens-diagnosen, blei ho ofte sint på Otto som spurte om det same om att og om att.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten