Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
26. februar 2020

– Pappaperm kan gjere fleire menn til aktive pårørande

Tredelt foreldrepermisjon kan vera nøkkelen til å få fleire menn til å gå aktivt inn som pårørande seinare i livet.
Begge
Foto av Abid Q. Raja: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet
Det meiner både kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja og likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm.

Begge er vel kjent med at i dag tek kvinner langt det meste av pårørandearbeid i Norge. Ei undersøking frå 2017 i regi av Pårørendealliansen viser at blant dei 74 prosent pårørande som får helseplager, er 91.7 prosent kvinner.
 

Kvinner tek og får ansvar

Ein studie frå NOVA (Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring) viser at ei eldre hjelpetrengande kvinne med ein heimebuande son, vil få 25 prosent meir offentleg omsorg, enn om ho har ei dotter heime. Så ikkje berre utfører kvinner meir pårørandeomsorg, det blir også forventa at dei gjer det av samfunnet rundt.
 

Det handlar om å bryte opp førestillinga
og forventninga om at det berre er mor
som er sjef på heimebane.


Statsråd Abid Q. Raja skriv i eit e-post-svar at regjeringa er oppteken av at Norge skal vera eit likestilt samfunn.
– Vi veit at kvinner ofte får ei sentral rolle når pårørande blir sjuke. For eksempel veit vi at det er forskjellar på kven som tek ut løn for omsorg, kven som reduserer arbeidstida, og til kva forventingar vi har til kvinnelege og mannlege pårørande. Mange pårørande har store belastningar i liva sine. Det er viktig at pårørande får hjelp og avlasting. Derfor har regjeringa vedteke å legge fram ein strategi med ein handlingsplan for pårørande. Strategien blir lagt fram denne våren. Her vil vi sjå på heile situasjonen for den pårørande, både når det gjeld helse, arbeid og økonomi. Likestilling er også eit viktig aspekt i arbeidet med denne strategien, understrekar Abid Q. Raja.
 

– Ikkje berre mors ansvar

Han trur tredelinga av foreldrepermisjonen vil styrka fars rolle som omsorgsperson. På sikt trur at han ei meir lik arbeidsdeling av omsorg for barn, vil vere relevant for ei jamnare fordeling av oppgåver som pårørande.

– Det handlar om å bryte opp førestillinga og forventninga om at det berre er mor som er sjef på heimebane, skriv kultur- og likestillingsministeren.

Likestillingsombod Hanne Bjurstrøm har også håp om ei jamnare arbeidsfordeling blant kvinnelege og mannlege pårørande i framtida, nettopp fordi yngre menn nå får høve til å vera mykje meir saman med barna sine gjennom den tredelte foreldrepermisjonen.

– På den måten får menn eit nytt rom å utfalde omsorga si i. Samstundes får kvinner sjå at også menn kan yte god omsorg, for det er ingen tvil om at det har herska ei tradisjonell oppfatning om at kvinner har betre omsorgsevne. Dette er ei haldning som bør provosera alle menn.
 

Rosen kjem med krav

Bjurstrøm meiner denne dyrkinga av kvinners omsorgsgen, samstundes har blitt til ei bør for kvinnene. For kombinert med rosen, kjem også forventninga til at kvinner stiller opp for sine nære og kjære når det røyner på. Ho er også kjent med at desse haldningane ennå lever blant tilsette i  helsevesenet.

– Difor er det viktig at alle som arbeider i helsevesenet går i seg sjølv, slik at ein ikkje held ved like uheldige strukturar i måten ein kommuniserer med pårørande. Samstundes vil slike haldningar skape skam og frustrasjon blant kvinner som ikkje har høve til å ta så mykje pårørandeansvar, framheld Bjurstrøm.
 

Ein del kvinner går nok også i deltids-
jobbar for å ha tid til å ta seg av eldre
foreldre. Til nå har kvinner vore villige
til å ta dette omsorgsansvaret.


Likestillingsombodet meiner den skeive kjønnsfordelinga i pårørandearbeidet speglar generelle samfunnstrekk.

– Sjølv om svært mange norske kvinner er i arbeid, har vi framleis eit stort innslag av deltidsarbeidande kvinner. Dette er faktisk ganske påfallande i eit så likestilt samfunn som det norske. Noko av forklaringa ligg nok i kjønnsrollemønsteret, der nokon må ta ansvaret for barn og omsorg i ein familie. Ein del kvinner går nok også i deltidsjobbar for å ha tid til å ta seg av eldre foreldre. Til nå har kvinner vore villige til å ta dette omsorgsansvaret. For å få bukt med denne tradisjonelle arbeidsfordelinga, må fleire kvinner ut i fullt arbeid. Dermed må menn på banen og dei bør alt nå også kjenne på dette ansvaret, meiner Hanne Bjurstrøm.
 

Menn får ny innsikt

Ho trur foreldrepermisjonen kan opna auga til menn og få dei til å forstå kor viktige omsorgspersonar dei er. Denne innsikta trur ho deretter vil gjera dei til gode og aktive pårørande til eldre foreldre.

Og aktive pårørande trengst, for ifølge Bjurstrøm signaliserer statsminister Erna Solberg at pårørande framover må rekna med å ta meir ansvar for sine sjuke og eldre.
 

Det er viktig at politikarane snakkar
om det aukande pårørandeansvaret
som ei familieoppgåve, eit ansvar som
gjeld både søner og døtrer, kvinner
og menn.


– Held trenden fram som nå vil me enda opp med endå fleire kvinner i deltid og endå fleire utslitte kvinnelege pårørande. Difor er det viktig at politikarane snakkar om det aukande pårørandeansvaret som ei familieoppgåve, eit ansvar som gjeld både søner og døtrer, kvinner og menn. For likestilling kjem ikkje av seg sjølv, minner Hanne Bjurstrøm om.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut