Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
17. april 2023

Alle veit ikkje automatisk at eit barn er pårørande

– Mange tenester i ein kommune møter barn som er pårørande, utan at ein veit at dei er nettopp det, for helsesjukepleiaren dukkar ikkje opp ut av det blå. Nokon må varsla, men ikkje utan at barnet veit om det, seier Heidi Bleie Skeiseid.
Heidi%20Bleie%20Skeiseid
Ho er virksomhetsleiar for helsestasjonane og skulehelsetenesta i Stavanger kommune. Fordi fortruleg og personleg informasjon ikkje skal flyta rundt i kommunen utan at barn og unge sjølv veit det, er det ingen automatikk i at ein elev som har ei kreftsjuk mor blir fanga opp som pårørande. Det skjer ikkje utan at nokon rundt eleven tek aktivt grep og spør han eller ho om det er greit at dei tek kontakt med helsesjukepleiaren, til dømes. Eller dei kan be foreldra kontakta helsestasjonen på barnets vegne.
 

Helsevesenet er ikkje eit stort vesen

Ser ein lærar ein seksåring som ser ut til å vera trist, kan læraren fint spørje eleven om det er greit at ho eller han kontaktar foreldra og spør om det er OK at ein får ein time til samtale hjå skulehelsetenesta.

– Dei aller færraste foreldra vil motsetja seg dette, for alle ønsker det beste for barna sine, og tek difor gjerne imot råd og rettleiing. Barnevernet kan hjelpa på ulike nivå. Det gjeld når foreldre ikkje klarer å ivareta barn sine grunnleggjande behov, fordi den/dei vaksne slit med alvorleg sjukdom eller problem knytta til rus og psykiatri, fortel Skeiseid.
 

Det er ingen automatikk i at ein elev som har ei kreftsjuk mor blir fanga opp som pårørande. Det skjer ikkje utan at nokon rundt eleven tek aktivt grep og spør han eller ho om det er greit at dei tek kontakt med helsesjukepleiaren, til dømes.

Heidi Bleie Skeiseid, virksomhetsleiar for helsestasjonane og skulehelsetenesta i Stavanger kommune

Ho meiner det er viktig å minne om at barn blir påverka meir enn ein skulle tru. Vaksne meiner ofte at dei greier å skjerma eller skjula vanskane for barna, men barna er sensitive og fangar opp meir enn dei vaksne tenkjer, understrekar ho.
 
– Difor er vårt råd til foreldra at dei er ærlege, opnar opp og søker hjelp, slik at dei får ein heil heiagjeng rundt barnet sitt.
 
Mange tenkjer seg helsevesenet som eit stort samanhengande vesen, og trur difor at heile dette vesenet veit når ei småbarnsmor har vore hjå fastlegen og fått ein alvorleg diagnose. Men slik er det ikkje. Tenestene er fragmenterte, og det må takast aktive grep om andre skal få vita noko om din helsetilstand, forklarer Heidi Bleie Skeiseid.
 
Skeiseid seier at slik må det vera. Sjølv om det på eit plan hadde vore enklare for dei vaksne hjelparane i tenestene om informasjonen flaut meir saumlaust rundt, ville dette for mange barn kunna opplevast utrygt. For då veit dei aldri kven som veit kva om din livssituasjon heime, påpeiker Skeiseid.
 

Mange som kan hjelpa

Men dersom barnet sjølv eller foreldra tek kontakt på vegne av barnet, finst det fleire tilbod som kan støtta barn som pårørande i kommunen, fortel ho.
 
Både barn og foreldre kan til dømes ha samtale med helsesjukepleiar. Her kan familien få råd og rettleiing om kva som er normale reaksjonar hjå barn som lever i litt unormale situasjonar. Barna kan også få tilbod om å delta i grupper med barn som lever i liknande situasjonar som dei sjølve. Barne- og familiesenteret i Stavanger er eit nyoppstarta lågterskeltilbod, der familiar sjølv kan ta direkte kontakt når vaksne treng rettleiing i foreldrerolla, opplyser ho.
 
– Barn og unge si psykiske helse er eit veldig aktuelt tema i vår tid. Korleis skal me styrka denne helsa og unngå uhelse? Barn som pårørande er eit tema som går rett inn i kjernen av dette, for det er ingen tvil om at ei pårøranderolle set mange barn og unge i ein sårbar situasjon, seier Bleie Skeiseid.
 

Ein kan bli sjuk eller få det tøft kjenslemessig av å vera pårørande. Det gjeld også barn og unge, men det er ikkje alltid barn kan setja ord på korleis rolla påverkar dei.

Heidi Bleie Skeiseid, virksomhetsleiar for helsestasjonane og skulehelsetenesta i Stavanger kommune

Ho viser til at Stavanger kommune har vedteke ein ny plan for satsing på psykisk helse blant barn og unge. Der blir barn som pårørande løfta fram, og det blir understreka at det er viktig å fanga opp desse barna som er ekstra utsette. Barn som strevar i pårøranderolla kan få tilbod om samtalar. I somme tilfelle, der situasjonen tilseier det, blir barna viste vidare til spesialisthelsetenesta, påpeiker Skeiseid.
 

Kan gå på helsa laus

Ein kan bli sjuk eller få det tøft kjenslemessig av å vera pårørande. Det gjeld også barn og unge, men det er ikkje alltid barn kan setja ord på korleis rolla påverkar dei. Dei kan seie dei har vondt i magen, eller fortelja om vantrivsel på skulen og mykje krangling med vener. Men alt dette kan botna i det dei står i på heimebane.
 
– Vaksne i hjelpeapparatet må møte dei sinte, unge pårørande med forståing og normalisere reaksjonane deira. Ja, det er både sunt og logisk at desse barna i reagerer med å bli sinte eller fortvilte når livet er krevjande.
 
Før barna er 12 år er det oftast foreldra som bestemmer kva kontakt barna har med hjelpeapparatet, medan det frå 12 til 16 år skjer ein glidande overgang. Ein 12-åring har i prinsippet lov til å ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen for å samtale, utan at foreldra blir varsla. Uansett blir foreldra som regel kopla på etter kvart. Men dess eldre barnet blir, dess meir kan dei føreta seg på eigahand utan at foreldra blir varsla. Me vil likevel oftast motivera dei til å innlemma foreldra, seier Heidi Bleie Skeiseid.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut