Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
01. februar 2022

Bent Høie vil vera statsforvaltar med blikk for pårørande

Statsforvaltar Bent Høie har i mange år følgd arbeidet til Pårørendesenteret tett. Han meiner senteret og Pårørendealliansen skal ha ein stor del av æra for at pårørande sin situasjon har fått nasjonal merksemd og blitt løfta inn i norsk politikk.
Bent%20H%C3%B8ie%202
Foto: Statsforvaltaren i Rogaland

Det synlige beviset for dette er blant anna den nasjonale pårørandestrategien som Bent Høie var med og laga då han var helse- og omsorgsminister og sat på Stortinget.


Møter mange pårørande

– På kva måte vil du ta pårørandeperspektivet inn i embetet som Statsforvaltar?

– I denne rolla skal eg først og fremst handla på oppdrag frå regjeringa. Eg kan difor ikkje på eige initiativ setje i gong eigne pårørandeprosjekt, men stillinga set meg likevel i kontakt med pårørande, til dømes i saker der pårørande hjelper ein brukar med å klaga på behandling innan helsevesenet. Då er det viktig for meg å også setja meg inn i korleis saka ser ut frå den pårørande sin ståstad, påpeiker Bent Høie.

Statsforvaltaren samarbeider også tett med kommunane om ulike prosjekt som skal gagna pårørande. Eit døme på dette er kvalitetsreforma Leve hele livet. Dette tiltaket er retta mot dei eldre, men også pårørande er eit viktig element i reforma.

Målet er å utvikla tiltak og tenestar som sikrar at også pårørande sine rettar og behov skal bli betre tatt vare på, slik at dei kan vera aktive støttespelarar for dei eldre og helsevesenet, og ikkje enda opp som utslitte pårørande, fortel Høie.

Tanken bak Leve hele livet er at kommunen kjem inn tidlegare i eldre sitt liv med nok hjelp og avlasting, slik at dei pårørande greier å stå i støtterolla lenger, samstundes som den gamle kan bu lengst mogleg i heimen sin. Reforma tek opp i seg den store innsatsen pårørande gjer for heimebuande eldre, og skal sikra ei jamnare arbeidsfordeling mellom kommunen og dei pårørande, opplyser statsforvaltar Høie.  


Få dei pårørande til å vara lenger

Pårørande sin innsats fell i større grad bort når den eldre hamnar på sjukeheim. Det er god økonomi for kommunen å ha dei gamle heime lengst mogleg, men då må også kommunen syte for at den gamle har friske og opplagte pårørande, som saman med kommunen finn dei beste løysingane for alle partar. Ein måte kan vera å gi pårørande eit kurs i korleis dei skal takla å stå i rolla over tid, seier han.

Høie er også kjent med at mange pårørande kjenner frustrasjon over at tenestene er så fragmenterte. Sjølv om tilboda kvar for seg er gode, krev det mykje innsats for den pårørande å få alt på plass rundt den sjuke. Bent Høie seier at for pårørande til langtidssjuke er situasjonen ofte ekstremt krevjande. Han er glad for at ordninga med barnekoordinator for familiar som strevar med å finna fram blant velferdstilboda, nå er i ferd med å bli innført i kommunane i Norge.
 

Eg har snakka med mange pårørande under pandemien.
Men sjølv om ein del har hatt det ekstra tøft, fortel fleire
også om det fine i at me som samfunn i Norge har vore villige
til å ofra så mykje nettopp for å beskytta dei som dei
pårørande er så glade i.


Bent Høie har førebels ikkje sjølv hatt noko stor pårøranderolle, men han har lenge vore oppteken av denne gruppa.

– Det er fordi pårørande står for ein like stor del av pleie og omsorgsoppgåvene som dei offentlege helse- og omsorgstilboda. Då ville det vore rart å berre sjå fagfolka sin innsats, forklarer han.

Som mangeårige stortingspolitikar og helseminister har Bent Høie møtt mange pårørande som har gitt han nyttig og viktig kunnskap om pårørande sin viktige innsats for velferdsstaten. Kontakten med Pårørendesenteret tykkjer han også har vore svært lærerik. Høie rosar senteret og Pårørendealliansen for å ha vore tidleg ute med å fronta dei pårørande si sak.


Pårørande kjenner pasienten

God innsats frå slike organisasjonar gjennom mange år har ført til at pårørande sine rettar har blitt sikra gjennom lovverket, og at nye tilbod mynta på pårørande har komme på plass. I tillegg har haldningar til pårørande endra seg i samfunnet, meiner Bent Høie.

Han tykkjer det er viktig med stader som Pårørendesenteret der pårørande kan møtast og dela erfaringar, og slik henta styrke i kvarandre for å betra situasjonen sin.

Sjølv om pårørande som gruppe i større grad blir sett no, meiner Bent Høie at helsevesenet framleis kan bli endå betre på å anerkjenna pårørande si viktige rolle i behandling av pasienten. Han opplever at pårørande ofte ikkje blir lytta til når dei prøver å gi helsevesenet beskjed om risiko for skader og feilbehandling, sjølv om pårørande vanlegvis er blant dei som har mest kunnskap om pasienten, og ser endringar aller først, påpeiker Høie.

Bent Høie veit også betre enn dei fleste at pandemien har gitt mange pårørande ei ekstra tung bør. Ansvaret deira har gjerne auka fordi fleire helsetenester har blitt reduserte under pandemien, i tillegg har dei måtta kjenna på frykta for at deira sjuke skal bli smitta.


Takksame for nasjonal dugnad

– Eg har snakka med mange pårørande under pandemien. Men sjølv om ein del har hatt det ekstra tøft, fortel fleire også om det fine i at me som samfunn i Norge har vore villige til å ofra så mykje nettopp for å beskytta dei som dei pårørande er så glade i.

Bent Høie er viss på at pårørande blitt møtte på ein heilt annan måte av Statsforvaltaren no enn då dei kontakta den gamle Fylkesmannen for til dømes 20 år sidan.

Han minner om at rolla til Statsforvaltaren er å rettleie og sikre at pårørande sine rettar blir oppfylte. Dei tilsette er, som han og samfunnet elles, langt meir medvitne på kva pårørande betyr og kva situasjon dei ofte står i. Høie er glad for at dei pårørande har blitt ei stadig meir synleg gruppe, som gjennom ulike organisasjonar har fått ei tydeleg stemme i samfunnet.

Han lovar å følgja Pårørendesenteret også vidare, og veit at senteret enno har ein jobb å gjera, fordi det framleis står att mykje arbeid for å gjera vilkåra for pårørande endå betre.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut