Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
01. juni 2023

Joakim er ein profesjonell pårørande som personlig ombod

Joakim Serpinsky er personleg ombod ved PIO-Senteret i Oslo. Arbeidet hans handlar om å støtta og styrka menneske som slit med å greie seg i livet/kvardagen, grunna psykiske plager og sjukdommar. Hjelpa blir gitt på klientens premiss. Dette er ei brukarstyrt ordning. Serpinsky kan vera deira bindeledd mot hjelpeapparatet.
Joakim%20portrett

Mange av klientane til Serpinsky er menneske som fell mellom to stolar. Anten ønsker dei ikkje behandling, eller så har dei mista trua på behandlinga. Mange er også skeptiske til å ha kontakt med offentlege instansar. Ombodet blir ei livline som fangar opp desse som befinn seg i randsona av tenestene i velferdsstaten.

 

Hjelper pårørande indirekte

– I min jobb er eg ofte indirekte til hjelp for pårørande, sidan arbeidsoppgåvene ofte er noko pårørande måtte tatt seg av, om ikkje eg hadde gjort det. Eg har, med få unntak, lite direktekontakt med pårørande. Dei gongene eg har det, gjeld det klientar der det er spesielt vanskeleg å få komma til og hjelpa direkte, forklarer Serpinsky.

PIO-Senteret har to fulle stillingar som personleg ombod for denne gruppa. Totalt er dei til ei kvar tid i kontakt med over 50 menneske, men alle er ikkje like aktive heile tida. Kontakten med enkeltpersonar går ofte i bølgjer, og det kan vera lange pausar mellom kvar gong personen tek kontakt, viser han til.

Omboda er ofte bindeleddet mellom klienten og til dømes NAV og fastlege. Joakim Serpinsky kan skrive eller hjelpe til med å skriva søknadar og klager, og han kan hjelpa til med å skaffa bustad, jobb og få organisert fritidsinteresser. Kort sagt det som skal til for å få livet til den enkelte til å fungera best mogleg i samfunnet. Men ombodet skal ikkje vera ein støttekontakt.

– Me skal ikkje erstatta noko som finst frå før, understrekar Serpinsky.

Det fine med hans jobb er at ved at han, for både klienten og pårørande, kan bli ein slags buffer mellom sjukdommen og dei private relasjonane i familien. Han fortel at mange klientar ikkje ønsker å ha dei pårørande så tett på alt som handlar om sjukdom og funksjonsnedsettingar. 

Dessverre hender det at pårørande blir sjuke av belastningane, og eg har opplevd at tidlegare pårørande endar opp som klientar hjå meg.

Joakim Serpinsky, PIO-Senteret
 

Let mor få vera mor

Ved å la ombodet ta seg av slike ting, får foreldre og kjærastar tid til å vera nettopp det, og ikkje sosionom eller støttekontakt, forklarer han.

– Mange av dei som eg jobbar med, ønsker i mest mogleg grad å skåna sine næraste. Dei føler det blir så mykje å spørja om hjelp til, for helst vil dei berre gjera hyggelege ting saman med familien, forklarer han.

Det er også andre grunnar for at somme ønsker seg eit ombod. Alle har ikkje nære pårørande, somme har kutta banda til familien, eller slekta bur langt borte. Blant klientane sine har han menneske frå 18 til over 90 år.

Fleire av desse har vore sjuke lenge, og det betyr at det ofte finst mange slitne pårørande. 

– Dessverre hender det at pårørande blir sjuke av belastningane, og eg har opplevd at tidlegare pårørande endar opp som klientar hjå meg, fortel han.

Klientane hans er frå alle samfunnslag, rundt halvparten er etnisk norske, resten har fleirkulturell bakgrunn.

 

Er med på møte

Mange av dei han hjelper har i utgangspunktet ei mistru til systemet, og kan av den grunn difor lett hamna i konflikt, eller misforstå eller mistolka informasjon. Joakim Serpinsky er difor ofte med klientane i ulike møte. Der let han klienten snakka fritt, sjølv noterer han det som blir sagt, deretter snakkar han og klienten saman om det som skjedde på møtet.

– Eg er med i møtet som ei avlasting for pårørande. Eit personleg ombod er ein slags profesjonell pårørande. Det gir ofte klientane styrke og tryggleik til å snakka ope. På førehand har eg og klientane snakka om kva som er viktig å ta opp. Vanlegvis er ikkje klientens nære pårørande med, for slike møte finn ofte stad midt i arbeidstida.

Personleg ombod er eit lågterskeltilbod, det krevst altså ingen diagnose eller legeerklæring. Mange blir viste til PIO-Senteret frå NAV eller ein DPS. Somme tek også kontakt sjølv eller via ein pårørande. 

Joakim Serpinsky seier det kan vera opptil to veker ventetid, men alle som tek kontakt får hjelp.

 

Ofte for smått og for snevert

Førebels er det berre Oslo kommune ved PIO-Senteret som har personleg ombud. Ordninga starta i 2010. I Sverige begynte dei med denne type ombod alt i 1995, og der har 80 prosent av kommunane no slike ombod. Ordninga blei sett i verk etter dei store institusjonane blei lagde ned og pasientane kom heim til sine heimkommunar.

– Kven gjer det du gjer i dei andre kommunane i Norge?

– Der pårørande ikkje er inne, er det nok tilsette innan psykisk helse og ulike koordinatorar som tek på seg dette, men då blir det ofte gjort i tillegg til mange andre oppgåver.

Å gjera dette arbeidet på si er nok ikkje så enkelt, meiner han. For det tek tid å få etablert tillit mellom hjelpar og klient, og det er ikkje alltid så enkelt å få alle rettar ein har på papiret, sette ut i praksis, seier han.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut