HEIDI%20juni%20bruk

← Gå tilbake

Heidi%20(2)
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
Publiseringsdato: 29.06.21

Kva gjer du når du får ei alvorleg ulukke i fanget?

Mange har nok lurt på kva dei vil gjere om tilfeldigvis kjem nært på ei alvorleg ulukke. Av og til ventar nemleg noko ubehageleg og uventa bak neste sving. Det har Per Aksel Birkeland erfart.
BILDET: Per Aksel Birkeland er servicemann for meieri -og landbruksmaskinar og har fleire gonger måtta trø til under bilulukker. Anne Overskeid Bleskestad opplevde at ei ung kvinne døde i stova hennar.

Saudabuen trur ikkje nokon kan vita korleis ein vil reagere før ein står midt opp i det, men sjølv har han følt han har glidd inn i ei slags rolle, og i ettertid er han svært glad for å ha fått vore til hjelp.

Per Aksel Birkeland har gjennom yrket sitt som servicemann for meieri -og landbruksmaskinar dagleg vore å finna på vegen mellom Sauda og Suldal i 40 år. Tre gonger har han spela ei sentral rolle som ein av dei første som har komme til trafikkulukker.
 

Ein velta betongbil

Første gongen var då han såg ein betongbil som hadde velta. Sjåføren hadde kravla seg ut or bilen og sat lettare fortumla på føringskanten, då Per Aksel Birkeland kom til staden. Birkeland ringde straks 113, og fekk då beskjed om straks å sikra vegen, men det rådet valde han å oversjå sidan bilen låg utanfor vegbanen og det heller ikkje rann betong ut or bilen. I staden sette han seg til å snakka med sjåføren.

– Eg minnest eg prata med han om kvardagslege ting, heilt til naudetatane kom, det tok vel rundt 20 minuttar.

Neste gong han kom ut for ei ulukke, var det ein semitrailer med sement som hadde køyrt av vegen. Køyretøyet låg nedover skråninga, og førarhuset låg på sida. Per Aksel Birkeland skimta sjåføren. Han greidde ikkje komma seg ut, men Birkeland visste råd. Han tok ned gardintrappa han hadde på taket på servicebilen sin. Denne stakk han inn i førarhuset, slik at sjåføren fekk ei «trapp» å krabbe seg ut på.

– I ettertid ser eg jo at dette kunne vore farleg, fordi heile køyretøyet kunne ha rasa lenger nedover, men til alt hell gjekk det godt, og mannen kom i frå ulukka utan skadar, fortel Per Aksel Birkeland.
 

Småprata med fastklemt sjåfør

Han småprata med mannen til politi og brannvesen kom, og fekk deretter i oppdrag å køyre mannen til ein stad der ein mann frå firma han arbeidde i skulle plukka han opp.
 

Eg minnest eg prata med han om kvardagslege ting, heilt til naudetatane kom, det tok vel rundt 20 minuttar.


– Eg hugsar at eg tenkte at eg kanskje ville fått ei helsing frå arbeidsgivaren hans, men eg høyrde aldri noko etterpå, seier Birkeland.

Siste gongen han var involvert etter ei bilulukke, var han det andre køyretøyet som kom til ulukkesstaden.

– Då var det ein privatbil som hadde køyrt i fjellveggen, den rusa bilføraren sat fastklemd i bilen. Ein turbuss var komen først til staden. Dei hadde kontakta 113 og ein prest som var om bord hadde snakka med sjåføren, men dei måtte vidare, dei gjorde difor avtale med meg om at eg skulle halda bilføraren med selskap medan me venta på naudetatane.
 

Har folk det vanskeleg, er det ofte lettare å letta hjartet sitt til ein halvframand. 


Per Aksel Birkeland småsnakka med den fastklemde sjåføren i fleire minutt før hjelpa kom. Han var også med og hjelpte til med slepearbeid etterpå.
 

Du blir nesten ein psykolog

Birkeland seier hjarta slår raskare kvar gong han kjem oppi ei slik ulukke. Han er spent på kva som ventar, men yrket som har gjort at han er vand med å snakka med framande om alle moglege slags ting.

– Bøndene har i årevis brukt meg som psykolog. Har folk det vanskeleg, er det ofte lettare å letta hjartet sitt til ein halvframand. Dei eigenskapane har eg drege nytte av når eg har snakka med folk som har vore ute i desse ulukkene. Sjølv har eg aldri fått noko tilbod om debriefing, og har heller ikkje hatt behov for det, men eg veit at andre slektningar som har vore vitne til trafikkulukker, har fått tilbod om samtale med fagfolk i etterkant, fortel han.

Sjølv tykkjer han det er godt å tenkje på at han har fått vera til hjelp.

– Du går inn i ei slags rolle, forklarer han.

Då Marianne Reitan frå Haugesund var i Syden for mange år sidan blei ho vitne til at ein ung gut køyrde seg i hel på moped like ved kafeen der ho sat og drakk kaffi. Ein bråte menneske kom for å hjelpa mopedisten, sjølv rakk ho ikkje fram, men kunne på nært hald sjå guten liggja der døyande.

– Denne hendinga har eg bore med meg sidan, og sjølv om eg ikkje har fått nokre plager etter det eg såg, så kjenner eg det litt i magen kvar gong eg ser nokon komma køyrande på ein moped, vedgår ho.
 

Ei ung kvinne har fått hjartestans

Fredag 11. oktober 2002 var Anne Overskeid Bleskestad småslapp av ei forkjøling, ho var difor glad for å kunna siga ned i sofaen i stova, i eit stilt og tomt hus, etter at mann og son hadde dratt til fjells. Men ho hadde ikkje slappa av lenge, før det banka på døra.

Skal eg orka opna, tenkte ho med seg sjølv, men bankinga var iherdig og insisterande, så Anne Bleskestad skjøna at ho burde gå og opna likevel.

Utanfor stod to unge vaksne, dei fortalde at dei var på veg til ei turisthytte i området, men så hadde ei turvenninne uvita, og no trong dei å få låne ein telefon.  

Anne Overskeid Bleskestad sender eldste son, som akkurat er komen heim, av garde med traktoren. Han køyrer traktoren opp skogsvegen for å frakta henne ned til gards. Det viser seg at dei unge er ein del av eit større turlag som var på veg til Bleskestadmoen, då den unge kvinna segna om. Bleskestad minnest ennå synet av folk som dreiv hjarte- og lungeredning på kvinna medan ho låg i skuffa på traktoren.
 

Eg prøvde å samla dei

Jenta blir flytta inn i stova, og etter kvart kjem også ambulanse og helikopter på plass. Det blir brukt hjartestartar på jenta i lang tid. Anne Overskeid Bleskestad og nokre av turfølget står ute i gongen, medan helsepersonell kjempa for å få hjartet til turvenninna deira å slå igjen.

Dessverre lukkast dei ikkje, og den unge kvinna døydde i stova til Anne Overskeid Bleskestad. Legen som var på staden samla alle rundt seg og forklarte korleis dei hadde jobba og kva som ville skje vidare. Han sa også at han ikkje trudde den unge kvinna sitt liv kunne ha blitt redda, sjølv om ho hadde vore i nærleiken av sjukehuset, men skrytte over førstehjelpsinnsatsen til turlaget.

Det var nå blitt svært seint, nærast natt, og det blei avtalt at turfølget skulle få sova over hjå Anne Overskeid Bleskestad. Ho fordelte gjestene i huset og folgehuset, og sidan alle hadde fullt turutstyr med, slapp ho å reie opp senger. Eg var den eldste i huset og kjende på eit spesielt ansvar om å halda dei unge samla, gi dei kaffi, mat og yte anna praktisk omsorg.
 

Han sa at det einaste som nyttar er å snakke seg gjennom det, for då vil problemet etter kvart bleikna og forsvinna. 


Dagen etter bestemte dei unge seg for å gå opp til Bleskestadmoen som planlagt, noko Anne støtta dei heilhjarta i, fordi ho visste at dei trong å få tankane over på noko anna etter den dramatiske hendinga.
 

Lydane i hovudet

Anne Overskeid Bleskestad kjende seg trøytt og sliten etter det som hadde skjedd. Ho fekk ikkje sove om natta. Då ho prøvde, var det som ho ein kassettspelar slo seg på i hovudet og alt ho kunne høyre var 30 brystkompresjonar og 2 innblåsingar.

Slik skulle det bli i dagane framover. Dette mantraet ville ikkje gi henne fred. Kvar gong ho var i ferd med å gli inn i svevnen, kom dette lydsporet på repeat i hovudet, og det blei umogleg å få kvila. Likevel greier Anne å halda maska og gjere det ho skal på jobb og privat, men då helga kjem, dreg ho på besøk til ein bror.

Før dette besøket har ho ikkje prata med nokon andre om kor sliten ho er av lydane i hovudet.

– Helga då det skjedde var mannen min i fjellet og eg våga ikkje gå til andre fordi eg var forkjøla. Eg ønsker dessutan ikkje å plaga andre med korleis eg har det, forklarer ho.
 

Er dette normalt?

Broren spurde korleis det gjekk med henne etter hendinga sist veke. Og då måtte ho vedgå at ho ikkje heilt visste korleis det gjekk. Ho frykta at ho byrjar å bli rar og så fortalde ho om lydane som dukka opp i hovudet kvar gong ho ville sova.
Broren forsikra henne om at det ikkje var uvanleg å ha det slik etter ei ulukke. Han sa at det einaste som nyttar er å snakke seg gjennom det, for då vil problemet etter kvart bleikna og forsvinna. Og det stemde, påpeiker Anne, for alt same kveld, merka eg at denne tikkinga var mindre, og etter kvart forsvann det heilt.

Men enno hender det at ho drøymer om dei dramatiske timane i oktober 2002.
 

Eg sakna ikkje noko oppfølging frå fagfolk då, men skjønar i ettertid at det hadde gjort godt med ein gjennomgang av hendinga.


Lenge heldt ho også kontakt med foreldra til jenta som døde, men dei siste åra har kontakten dabba av. Dei kom hit på besøk og fekk sjå kor alt skjedde. Det var godt å få møta dei.
 

Så forsvann lydane

Sjølv har ho ikkje hatt nokre plager etter lydsporet i hovudet forsvann, det å gå inn i stova der jenta døydde, har aldri plaga henne i ettertid.

– Men hendinga har vist meg kor tynn linja mellom liv og død er. Eg sakna ikkje noko oppfølging frå fagfolk då, men skjønar i ettertid at det hadde gjort godt med ein gjennomgang av hendinga. Dette at eg ikkje fekk sova, at eg såg og gjenopplevde hendinga i dagane som følgde, kunne kan hende vore annleis om det var nokon å snakka med. I alle fall burde eg sjølv ha oppsøkt familie og vener. Då det stod på, gleid eg på eit vis inn i ei slags boble. Den døde jenta her hadde ingen ytre skader, så her var det ikkje noko skremmande slik. Dette kan vera heilt annleis andre gonger, då tenkjer eg spesielt på bilulukker der synsinntrykka kan vera svært dramatiske, seier Anne Overskeid Bleskestad.
 

← Gå tilbake

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


– Jo, Viste Strandhotel er et vanlig hotell også. Folk kan overnatte her, vi har hotellfrokost. Og som et vanlig hotell kan vi arrangere konferanser, vielser, bursdager, forteller hotellsjef Elisabeth Lied.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten