30. juni 2025
Sommarferie er ikkje berre idyll
Mens vennene jublar for sommarferie, gruar mange unge pårørande og etterlatte seg for vekene som kjem.


Tekst:
Heidi Hjorteland Wigestrand
Journalist
For unge pårørande kan sommarferien vera den aller verste tida, der ein får ekstra mykje ansvar i heimen. Eit medmenneske som inviterer på bading og is, kan spreie litt solskinn i eit barneliv fylt av alvor.
Eit av fire barn og unge gruar seg til sommarferien, ifølge ei undersøking Blå Kors har gjort. I sommarferien forsvinn skule og barnehage og anna som skaper rutine, påfyll, avbrekk og tryggleik for unge pårørande. BarnsBeste har difor sett i gong kampanjen #huskmeg, for å minna oss alle på ansvaret me har for å retta blikket mot dei som ikkje har det heilt enkelt i sommarferien.
Våg å bry deg
For sjølv om mange frivillige organisasjonar i Norge har gratis ferietilbod og kjekke sommaraktivitetar, er det likevel mange barn og unge som truleg går under radaren, og går ein heil sommarferie utan å få ei kjensle av ferie.
Somme barn har ingen planar for sommaren. Somme barn er også mykje åleine i ferien på grunn av pårøranderolla.
Satsinga #huskmeg ønsker ifølge leiar i BarnBeste, Merethe Moy, å minna oss alle på dei barna som ofte blir gløymde når sjukdom, rus eller sorg pregar heimen.
– Vi veit at eit spørsmål, ein invitasjon eller eit lite teikn på omsorg kan gjera heile forskjellen, seier ho.
Kampanjen går i sosiale medier, og Moy håpar mange organisasjonar og kommunar vil dela denne i sommar.
– Kampanjen handlar om å laga eit godt sommarminne for eit barn som er pårørande, for somme barn har ingen planar for sommaren. Somme barn er også mykje åleine i ferien på grunn av pårøranderolla, påpeikar ho.
Inviter på middag, kjøp ein is
– I kampanjen spør me om du har plass til ein ekstra rundt bordet? Kan du kjøpa ein ekstra is til eit barn som nesten aldri får det. Det handlar om å sjå barna som ofte får ekstra omsorgsoppgåver for foreldra i ferien, gi dei nokre lyspunkt i ein krevjande kvardag, seier Moy.
Ved å invitera og sjå dei unge pårørande, kan me redusera kjensla av utanforskap mange ber på.
– Dette kostar lite for den enkelte, men kan bety svært mykje for barn og unge som står i tunge pårøranderoller. Det handlar om å våga å bry seg om medmenneske, understrekar ho.
Ifølge forsking er eitt av tre barn i Norge pårørande i større eller mindre grad. Mellom 250 000 og 400 000 barn og unge opplever å vera pårørande.
– I sommarferien og andre feriar blir desse ekstra sårbare fordi dei ofte mistar kontakt med vennene som dei møter i skule og barnehage. Mens andre ofte gjer kjekke ting med familien, blir desse ofte overletne til seg sjølv fordi foreldra ikkje er i stand til å tilby barna ferieaktivitetar.
Merethe Moy meiner me andre har godt av å bli minna om å gjera ein sommarinnsats for denne gruppa.
Kostar lite, betyr enormt
– Dette har svært mange av oss høve til å gjera. Ved å invitera og sjå dei unge pårørande, kan me redusera kjensla av utanforskap mange ber på, seier Merethe Moy. Forsking viser at unge pårørande har større risiko for å utvikla psykiske helseplager og hamna i varig utanforskap.
Barns Beste
Barns Beste er eit nasjonalt kompetansenettverk som arbeider for at barn som pårørande og deira familiar får den oppfølginga dei har behov for
gjennom kunnskapsarbeid, nettverksarbeid, fagutvikling, formidling og rådgiving. Ansvaret for det nasjonale kompetansenettverket BarnsBeste er lagt til Helse Sør-Øst og er gitt vidare til Sørlandet Sykehus HF, som skal leia og koordinera kompetansenettverket på nasjonalt nivå. Styringsgruppa til BarnsBeste blir leia av Helse Sør-Øst og består av representantar frå fire regionale helseføretak, samt Kristiansand kommune, Bærum kommune og to brukerrepresentantar.