1. februar 2026

Då mannen hennar fekk nye lunger, fekk Hanne også eit nytt liv

Hanne Malmedal Eriksen (41) har vore pårørande til kjærasten sin, Espen Skjerven Holen (44), i mange år. Han er fødd med ein hjartefeil som svekka både hjarte og lunger, men det var først då dei yngste av dei tre døtrene blei fødd, at Hanne til fulle fekk merka at ho var blitt pårørande til sin eigen mann.

Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist

Han sleit med pust og hadde eit hjarta som vaks, fleire gonger svima han av, og ho og barna gjekk stadig i angst for at noko endå meir alvorleg skulle skje. For fire år sidan var helsetilstanden til Espen så dårleg at lungetransplantasjon var einaste utveg. Hanne minnest ventetida og tida etter operasjonen som spesielt vond.

Den vonde natta

Natta då Espen blei operert sat Hanne livredd i ei seng på Rikshospitalet. Ho hadde reist åleine med fly til Oslo i sommarjakke, sjølv om det var haust. Ho var redd og rådvill.

– I ettertid ser eg jo at eg skulle hatt med meg nokon, men det passa ikkje då, og nokon måtte jo vera heime med barna. Eg burde også tatt kontakt med nokon på sjukehuset om redsla mi, men hjernen min fungerte ikkje på grunn av stress og redsle.

Å få sjå den nyopererte mannen hjelpte heller ikkje, hjartebanken slapp ikkje taket. Angsten aksellererte då ho dagen etter fekk beskjed om at Espen hadde fått blod i lungene og igjen måtte på operasjonsbordet.

Eg burde tatt kontakt med nokon på sjukehuset om redsla mi, men hjernen min fungerte ikkje på grunn av stress og redsle.

Dei første månadane etter at han kom heim, blei også krevjande både for han og familien. Kona gjekk i angst for at han skulle få ein infeksjon eller gløyma å ta dei immundempande medisinane sine til fast tid morgon og kveld. Og det var langt i frå slik at han automatisk blei frisk, sjølv om han var så heldig å få lunger som passa i tide, og overlevde operasjonen.

Langt ifrå, Espen var tynn og sliten då han blei utskriven frå Rikshospitalet etter fem veker.

– Han trong mykje støtte og omsorg, og hjelp til praktiske ting. Espen hadde mykje smerter og medisinane gav biverknadar. Det tok vekevis med trening og tilvenning til det nye livet før kvardagen normaliserte seg både for han og oss rundt, fortel Hanne.

Ho fortel at dei nesten var redde for å ta i han i starten. Situasjonen tærte også på Espen, som meir enn nokon lengta etter å komma i full vigør igjen.

Hanne fortel at dei nok var blitt informerte om korleis tida etter transplantasjonen ville bli, men at mykje informasjon truleg ikkje gjekk inn, fordi dei var så overvelda over alt dei stod i.

Kontrollbehovet minka

Men gradvis merka Hanne at ho kunne sleppa taket i pleiar- og pårøranderolla ho hadde hatt overfor mannen sin så lenge.

– Det måtte jo bli slik, for lenge var jo han den som alltid var sjuk og eg ho som alltid var frisk. No er det herleg å sleppe taket, for mannen min ordnar opp i alt med eiga helse sjølv, og det går svært bra med han. Lungene fungerer godt og hjarta har det også mykje betre, fortel ho.

Ei lita uro ligg alltid og murrar langt der inne, for ho veit ikkje kva framtida vil bringa, anna enn at mannen hennar truleg ikkje vil bli veldig gammal, men familien er blitt flinke til å gleda seg over livet her og nå. Og dei kan leva heilt som ein vanleg familie no.

Då Espen var sjuk var det først og fremst Hanne som tok seg av barna som jo også i høgste grad var pårørande, men dei eldste var også på barnesamtale på Rikshospitalet, fortel ho. Det eldste barnet har i tillegg hatt samtalar med helsesjukepleiar.

Besteforeldra og vener har også vore til stor støtte og dei har også gitt mykje praktisk hjelp, slik at Hanne og Espen fekk både familieliv og gardsliv til å gå rundt i den krevjande tida før og etter transplantasjonen. Husarbeidet blei det så som så med i den tøffaste fasen.

Det me har vore gjennom enda godt. Visst var det tøft, men det følgde mykje fint med også, ikkje minst ei takksemd over livet og helsevesenet vårt.

Ifølge eiga utsegn, er Hanne glad for at ho ikkje har ein veldig høg standard på husarbeid. Då Espen var sjuk prioriterte ho å vera mest mogleg ute og i aktivitet saman med barna.

– Me har ikkje spurt etter meir hjelp, men har heile tida hatt god dialog med både skule og barnehage, seier ho.

Men trebarnsmora seier at dei har hatt samtalar i familien om denne vanskelege tida og bede barna trekka fram ting dei hugsar som vonde og vanskelege, men også om ting dei tykte var fint.

Blant dei fine minna til barna var då dei fekk besøka Espen før jul på sjukehuset og gi han ein adventskalender. Det gjorde inntrykk på dei å sjå at også Rikshospitalet var pynta til jula.

No styrer ikkje sjukdom livet

No er ikkje lenger sjukdomstida så ofte samtaletema i familien, men Espen følger med på korleis det går med andre transplanterte som han blei kjent med under opphaldet sitt på Rikshospitalet.

Mannen er i full jobb og tek i tillegg etterutdanning. Han tek ikkje lenger spesielle omsyn for å unngå smitte, og deltek på lik linje med kona i gardsarbeidet. Barna går på skulen og er aktive på fritida, og dei ferierer både i inn- og utland. Det er ikkje lenger sjukdom som styrer livet deira.

– Eg kjenner på ei stor takksemd etter det me har vore gjennom, og er imponert over kor raskt ein pasient som bur avsides til i ei lita bygd i Norge blir transportert til Oslo når beskjeden kom at det var lunger klar til han. Han blei henta med helikopter på bøen her heime og frakta til ein lokal flyplass, kor eit ambulansefly tok han vidare til Oslo. To timar tok reisa før han var framme. Me er heldige som bur i eit så godt land som Norge, understrekar Hanne.

Ei fæl, men også fin oppleving

No tek dei dag for dag og gler seg over at Espen er frisk, men ho prøver å få med seg litt meir av gardsdrifta med tanke på framtida. Begge ektefellane har skrive opp kva dei ønsker for barna og framtida, om ein av dei skulle falla frå.

– Har livet med ein alvorleg sjuk mann endra deg?

– Eg har ein jobb der det til tider kan oppstå litt dramatikk, og det har eg nok blitt betre rusta til å tola gjennom det eg sjølv har opplevd. Og barna har gjennom denne type livserfaring blitt veldig kloke og omsorgsfulle menneske. Det me har vore gjennom enda godt, visst var det tøft, men det følgde mykje fint med også, ikkje minst ei takksemd over livet og helsevesenet vårt.

Espen og Hanne er engasjerte i arbeidet med å få fleire til å bli organdonorar og håpar deira forteljing kan vera eit bidrag til dette.