AKTUELT%20Heidi%20bruk

← Gå tilbake

– Tøffare å vera pårørande i koronakrisa

«Margrethe» har ein bror, «Kåre», som no sit heime og ventar på at han skal døy av kreft.
– På grunn av koronakrisa er den livsforlengande behandlinga sett på vent. Av same grunn kan få besøkja han. Dermed må bror min sitja mykje åleine, vel vitande om at viss han døyr nå, vil han ikkje ein gong få ei skikkeleg gravferd, seier søstera trist.

Namna til søskenparet er av omsyn til den sjuke mannen endra, men Pårørendesenteret kjenner deira identitet.
 

Ei stusseleg gravferd

Margrethe legg til at i deira slekt er det tradisjon å ha store gravferder der slekt og vener kjem frå heile landet. Då tek ein skikkeleg farvel med den døde, samstundes som ein feirar og minnest livet vedkomande har levd, fortel ho.

Minnesamværet har dei heime på garden. Alt dette veit bror hennar at det ikkje kan bli noko av nå, viss han døyr medan Norge er koronastengt. Då vil det komma maks femti personar for å følgja Kåre til hans siste kvilestad.

– Hadde det ikkje vore for koronautbrotet, ville Kåre truleg vore i gong med sin tredje cellegiftkur nå, og slik kunna kjøpt seg litt meir tid.

Margrethe legg til at Kåre ei stund har visst at han vil døy av kreftsjukdommen, men at han ønsker å klamra seg til livet så lenge som råd. Hadde det ikkje vore for koronautbrotet, ville Kåre truleg vore i gong med sin tredje cellegiftkur nå, og slik kunna kjøpt seg litt meir tid, forklarer ho.

– Me har heile tida gitt han nye mål å overleve til. I fjor var målet å overleva min runde fødselsdag, deretter blei målet å få feira jula. Det greidde han, så var målet å overleva til han fylte året rett etter nyttår. Også det greidde han. Etterpå sette me oss ikkje fleire mål.
 

– Han føler seg gløymd

– Men eg burde kanskje drista meg til å seie at han bør ha som mål å overleve koronakrisa, slik at han kan få ei gravferd som vil vera i tråd med slektas og hans ønske, undrar søstera.

I første omgang er brorens vidare behandling utsett ein månad, men Margrethe fryktar det kan bli endå lenger, dersom koronaviruset blømer kraftig opp i denne perioden. Den siste kuren Kåre fekk, hadde god effekt, og sette sjukdommen ein del tilbake. Difor hadde alle håpa at han snart skulle få høve til å skuve sjukdommen tilbake endå ein gong.

Søstera er også skuffa over kor markant «interessa» for hennar alvorleg sjuke bror minka frå det lokale helsevesenet etter koronaberedskapen blei sett i verk. Slekta måtte stå på for å få han til ein legesjekk lokalt. Då hadde det gått ein månad sidan sist han var til lege i heimkommunen. Det tykkjer søstera er lenge når det er snakk om ein mann som snart skal døy.
 

Me er ikkje telefonfolk

– Kåre kjenner seg gløymd, og nå når han ikkje lenger heller kan ha besøk av så mange, blir det ein del einsame stunder, for han har ikkje alltid krefter til å ringe nokon. Sjølv ringjer eg han kvar dag, men korkje Kåre eller eg er telefonmenneske. Det går meir i stå på telefon, blir kort og rart. Dei gode, lange samtalane får me først når me møtest ansikt til ansikt. No kan eg besøkja bror min igjen, men eg sat i karantene eit par veker, og då kunne me berre prata på telefon, fortel Margrethe.

– Nå når han ikkje lenger heller kan ha besøk av så mange, blir det ein del einsame stunder, for han har ikkje alltid krefter til å ringe nokon.

Ho saknar også å kunna ta på og klappa bror sin, for i deira slekt har dei alltid vore rause med fysiske kjærteikn. Trøysta er at Kåre er på garden og frå vindauga kan følgja med på dei yngre generasjonar sitt arbeid.

Bror hennar har vore ein periode på den lokale sjukeheimen, men på grunn av smittesituasjonen føler Kåre det tryggast å bu heime.

– Men denne løysinga kjennest ikkje tryggast for oss pårørande, for på grunn av koronautbrotet får han mindre hjelp enn før. Heimesjukepleiebesøka er reduserte frå tre gonger i døgnet til eit, forklarer Margrethe.
 

– Må han døy åleine?

Kåre seier lite om kva han tenkjer om døden som ventar, men han har fortald søstera at han begynte å få mareritt om nettene.

Margrethe kjenner på ei stor maktesløyse.
– Det er ei bok som heiter «Kjærleik i koleraens tid», dette blir kjærleik i koronaens tid, seier ho galgenhumoristisk og oppgitt.

Margrethe gruar seg til kva som skjer om Kåre går inn i aller siste fase nå når landet er i unntakstilstand.

– I vår familie er me mange som vaker på skift når eit familiemedlem går bort. Det gjorde me også for ei gamal tante for ei tid tilbake. Nå er det berre ein pårørande som skal få sitja hjå ein døyande. Kva gjer ein då om det dreg ut? Eg greier ikkje tanken på at Kåre skal risikera å måtte sovna inn åleine, seier Margrethe.

Tips & råd


Artikler med tips og råd til pårørende i ulike livssituasjoner, samt selvhjelpsmetoder.

Gå til Tips & råd

Min historie


For snart to år sidan fall 22 år gamle Jørgen ned i skinnegangen mellom T-banen og perrongen i Oslo. På tur for å støtte fotballaget sitt.

Les mer

Finn hjelp der du bor


En landsdekkende karttjeneste hvor du kan finne hjelpetiltak for pårørende, samt regionale og nasjonale støttetiltak. 

Gå til karttjenesten