Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
22. januar 2024

Dagfrid er framleis gift, men likevel åleine

Dagfrid Søyland sin ektemann har fått ein demensliknande sjukdom, no bur ho åleine i det som tidlegare var deira felles heim, og einsemda og saknet etter Vebjørn kjennest ofte tung.  
IMG_3505%20copy

Me møter 81-åringen på Ålgård ein vinterkveld i januar. Frå august 2023 har ho vore åleine i einebustaden, då flytte Vebjørn til Kleppetunet etter å ha budd heime med kona si.

Dei siste to åra paret budde saman, gjekk han på dagsenter, på slutten var han der fem dagar i veka, i tillegg til nokre avlastingsopphald.

Ho merka det første gong for rundt fem år sidan at alt ikkje var som det skulle med Vebjørn, den gilde og staute mannen ho møtte i 1995 etter å ha vore enke sidan 1981. Han hadde også mista sin ektefelle, og det var nokre kameratar som hadde overtalt han til å bli med på tilstellinga der også Dagfrid var med ei venninne.

– Han baud først venninna mi opp til dans, men ho takka nei, så då spurde han meg, og sidan dansa me i lag resten av kvelden, fortel ho med kjærleik i blikket.

Vebjørn var ei skikkeleg danseløve. Det er han framleis, legg ho til.

 

Enka og enkemannen fann einannan

Dagen etter hadde dei avtalt å møtast til ein sykkeltur, men på grunn av misforståingar blei dei ståande og venta på einannan på to ulike stader, så det heile kunna ha enda før det hadde begynt, om det ikkje var for at Dagfrid hadde tatt vare på Vebjørns briller, som han hadde gløymt. Ho ringde og fortalde at ho hadde brillene, og Vebjørn kom og praten gjekk og ikkje lenge etter var dei eit par.

Ho plukkar fram eit kort og viser oss. «Håper vi snakkes igjen snart.» Til kortet høyrde ein bukett roser, som Vebjørn hadde stukke ned i postkassen hennar. 

 

Dei budde først i Sandnes før dei flytte til Ålgård, til eit hus med stor hage som dei begge likte å pusla i. Begge sette også pris på å reisa, særleg på cruise. Vebjørn var ein nevenyttig og aktiv mann, men den dagen for fem år sidan hadde han brått gløymd koden til nettbanken.

Og ikkje mange dagar seinare kom han tomhendt heim frå ein handletur. Forklaringa han gav Dagfrid var at han ikkje hugsa koden på bankkortet. Det gjentok seg fleire gonger. No er ho mannens banksjef, som ho kallar det, og passar på at alle rekningar blir betalte.

Symptoma til Vebjørn kom snikande litt etter litt. Men han har aldri fått nokon formell diagnose, legane kan ikkje slå fast kva type demens han lir av, men i løpet av dei siste åra har han endra seg mykje. Han kjenner framleis Dagfrid når ho kjem på besøk på Kleppetunet, men han er blitt svært fåmælt og ekteparet kan berre snakka saman om meir overfladiske ting no.
 

Det tok lang tid før han slutta å gå mot førarsida av bilen når me skulle på biltur.

 

Merkeleg oppførsel

Oppførselen endra seg også, ein gong dei skulle ha besøk, stakk han berre av, slik at Dagfrid måtte dra ut i byggefeltet på leit etter han. Han trong meir hjelp med daglege gjeremål, og heimesjukepleia måtte hjelpe meir til, etter kvart som sjukdomen utvikla seg.

Medisinane passa i hovudsak Dagfrid på at han fekk tatt. I starten tok han ansvar for dette sjølv, men så begynte han å slurva, fortel kona.

– Han mista også sertifikatet etter ei stund, men det hadde han ikkje fått med seg då han var hjå legen, men då dette kom meg for øyret, tok eg straks sertifikatet frå han og forklarte at no var det berre eg som skulle køyra bilen. Det tok lang tid før han slutta å gå mot førarsida av bilen når me skulle på biltur. Eg trur det er verre for mannfolk å mista retten til å køyra bil, seier Dagfrid.

Infolapp%20med%20binders

Påvirkning på deg og familien​

Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan familien kan håndtere situasjonen?

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Din egen helse
Group%20947
Endrede roller og hverdagsliv
Group%20947
Avlastning og assistanse
Group%20947
Fremtidsfullmakt

To gonger stakk han av

Ektemannen har aldri fornekta sjukdommen. Dersom han oppførte seg rart saman med andre, forklarte alltid kona det med at han hadde fått begynnande demens. Vebjørn er for det meste roleg, men han kan av og til bli sint og då han var på dagsenter hende det ved to høve at han sprang ut frå institusjonen. Då fann kona han på veg heim.

På Kleppetunet har han falle til ro. Han og Dagfrid sit ofte og ser i album frå gamle dagar når ho besøker han. Vebjørn set også pris på besøk frå barnebarn og oldebarn. Elles elskar han å sjå skirenn på tv, og han var sjølv ein habil skigåar då han var ung.

Livet var til tider strevsamt for Dagfrid før ektemannen fekk permanent plass på Kleppetunet.

Skulle ho få gjort noko før, måtte det skje mens han var på dagsenteret eller på avlasting. Likevel var det tungt då han flytta ut. Saknet blei større då. Trøysta er at ektemannen ikkje lengtar heim, men ho lengtar etter han, spesielt når ho skal leggja seg. Det kjennest så tomt og einsamt der i senga utan ektemannen.

Ho saknar å ha folk i huset på besøk. Før kom hans familie innom, det skjer sjeldnare no etter Vebjørn flytte til Kleppetunet, og Dagfrid har mindre overskot til å invitera, vedgår ho.

– Men det betyr at eg må bli flinkare til å komma meg ut på ulike arrangement, slik at eg møter folk, slår ho fast.
 

Eit demenskor har eg også fått begynna i, sjølv om eg ikkje er dement. Eg er nemleg så glad i å synga.



Han er enno ektemannen min

Dagfrid seier ho framleis ser han som ektemann, sjølv om ho har vore pleiaren hans i fleire år no. Sorg og lengt held henne av og til vaken til langt på natt.

Timane åleine blir mange og lange, sjølv om ho går i foreining og på eldretreff.

– Eit demenskor har eg også fått begynna i, sjølv om eg ikkje er dement. Eg er nemleg så glad i å synga, fortel ho smilande.

Ekteparet deler songgleda og før i tida var dei begge med i Gjesdalkoret.

Og ein gong i veka køyrer ho til Kleppetunet for å besøka ektemannen. Han smiler alltid når han ser henne, men er også like nøgd når ho fer.

Dagfrid er glad at sjukdommen har vore stabil lenge, og at han ikkje er blitt utagerande.

– Slik sett er eg heldig, for Vebjørn er ikkje heilt forandra, han er framleis til å kjenna igjen. Og sidan han trivst så godt, har eg ikkje dårleg samvit fordi eg ikkje besøker han oftare. Nyleg fekk eg høyra at ein av pleiarane hadde tatt han med seg ut i snøen, for å laga englar. Det var fint å høyre, avsluttar Dagfrid.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut