Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
10. september 2022

Herman mista bestekameraten i sjølvmord

For fem år sidan tok barndomsvenen til Herman Koren (23) livet sitt. For kompisen kom det som eit sjokk, og i starten nekta han å tru det.
Herman%20Koren
– Eg visste han hadde det vanskeleg, men ikkje at livet var så tøft for Håkon at han ikkje ønska å leva lenger, fortel Herman Koren.

Sjølvmordet kom for han heilt ut av det blå og den unge guten strevde veldig med å skjøna kva som hadde skjedd og kjende på mange ulike kjensler og tunge tankar.

– Eg kjende på sorg og hadde så mange spørsmål. Heile tida kverna spørsmålet om kva eg kunne gjort annleis.

– Kjende du sinne?
– Eg kunne nok kjenna på eit slags svik, sjølv om eg ikkje var direkte sint på han.

Dei første månadane blei tøffe. Herman kjende seg tom, han åt lite og sleit med tunge tankar. Han valde likevel å stå i dette på eigenhand utan hjelp frå fagfolk.
 

Vennene var til stor hjelp

18-åringen gjekk på skulen, men kunne like gjerne vore heime, for han var ikkje til stades i hovudet, hugsar Herman, men samstundes blei skulen ein stad der han og klassekameratane passa på kvarandre og stod saman i sorga.

– Eg ønska å bearbeida dette sjølv, men eg veit at for mange vil det vera god hjelp å få frå fagfolk. For meg var det terapi å snakka med folk på skulen. Håkon og eg gjekk på same skule, så me hadde mange felles vener. Det var til stor hjelp å sørgja over han i lag med vennene mine, fortel Herman Koren.

Etter rundt eit halvt år kom han til eit vendepunkt i sorgprosessen. Då hadde han lese ein del bøker om psykologi, mellom anna ei bok av psykolog Richard Wiseman der han skriv om forskjellen mellom ulukkelege og lukkelege menneske.

Herman forstod at han måtte finna eit anna perspektiv på det som hadde skjedd og sjå det store bildet. I staden for å konsentrera seg sjølvmordet som var det verste han hadde opplevd i livet sitt, valde Herman å heller pensa tankane over kor heldig han hadde vore som hadde opplevd godt vennskap med Håkon frå barnehagen og fram til han var 18 år.

 

Eg bestemte meg for å velje å sjå det positive og ikkje konsentrara meg om det som var borte.


Han tok eit val

– Eg bestemte meg for å velje å sjå på det positive og ikkje konsentrera meg om det som var borte. Ved å minnast alt det koselege me opplevde saman dei 14 åra me var kameratar, gjorde at livet blei betre og eg kunne gå vidare. Dessutan var det viktig å slå fast for meg sjølv at eg ikkje hadde noko skuld i at Håkon tok livet sitt.

Herman seier at jobben med å komma inn i eit nytt spor var ein flytande prosess gjennom det første halve året etter Håkon tok livet sitt.

– Det skjedde naturleg, og bygde seg opp over tid. Slik greidde eg etter ei tid å komma meg inn i eit spor der dei gode minna no overskuggar sorga og saknet som gjorde meg så trist. No er eg takksam for at eg enno har mange gode vener og at det skjer, og har skjedd, mykje bra i livet mitt, til tross for den dramatiske hendinga for fem år sidan, påpeiker han.

23-åringen meiner det er viktig å kjenna på sorg, men at ein ikkje må bli verande i sorga for lenge og dyrke henne. Etter ei stund er det viktig at ein kjem seg vidare.



– Ikkje grav deg ned i tankar

Håkon dukkar likevel ofte opp i tankane hans, og Herman treff av og til mor hans. Han set stor pris på å høyra frå familien til Håkon med jamne mellomrom.

– Av og til er det ein song som gir meg flashback til tida med Håkon. Me var mykje i lag heilt frå me var små. Me gjekk ikkje i same klasse, men hang mykje saman i friminutta, på guteromma og elles på fritida.
– Kjenner du av og til på eit sakn etter å ha Håkon i livet ditt om du opplever noko spesielt kjekt?
– Nei, eg tenkjer ikkje slik på det. Eg har godtatt at Håkon ikkje er her lenger, sjølv om det hadde vore triveleg om han framleis var her. Men å tenkje for mykje slik er ikkje så smart, for ein må hugsa å leva sitt eige liv her og nå, seier Herman.

Men han er ikkje redd for at Håkon dukkar opp i tankane no og då, men ønsker ikkje å vera ein som blir oppslukt i tankar på det som ikkje blei.



Har eit fint liv

No er 23-åringen snart ferdig med studiar innan fondsforvaltning og gler seg til å tre inn i yrkeslivet.

– Det skjer mykje fint i livet mitt, slår han fast.

Rådet hans til andre som mistar nokon i sjølvmord eller står nær nokon som mistar ein kjær på denne måten, er å ta vare på dei pårørande gjennom å vera nære.

– Prøv å hjelp vedkomande gjennom dag for dag. Det kan ta tid å komma dit at ein greier å gi rom for dei gode minna, minner han om.

– Men når du først kjem dit, vil du merka at du føler deg mykje betre. Og ikkje nøl med å kontakta fagfolk om du kjenner at dette blir for vanskeleg på eigenhand, legg han til.

For sin eigen del er han sikker på at det store nettverket av vener var eit viktig verktøy til å komma seg vidare etter det tragiske dødsfallet.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut