Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
26. januar 2021

Mor til Elisabeth døydde av korona

– Mamma var redd for å bli smitta av koronaviruset og levde veldig isolert frå 12. mars i fjor. Det er difor ekstra trist at ho skulle bli smitta på sjukehuset, seier Elisabeth Bergedal frå Skien.
KORONA
(Foto: Privat)
50-åringen fortel at moras skjebne også har gjort henne litt meir engstelig for å få sjukdommen. Før mora døydde har ho rekna med at ho vil tåla å få sjukdommen for sin eigen del. Å ha sett moras pusteproblem i dagane før ho døydde, sette ein støkk i henne.
Mora var ikkje medviten dei siste dagane ho levde og ho fekk smertestillande og pustehjelp for å døyve ubehag og smerter.

Reidun Juklerød døydde i byrjinga av januar, berre 71 år gamal. Ho var innlagt på Sykehuset Telemark i Skien etter ha vore gjennom ein større hjarteoperasjon på Rikshospitalet. Ho var så smått byrja å komma seg etter dette inngrepet, då ho blei smitta av korona.
 

Ulogisk smittevern

Historia om mor til Elisabeth Bergedal blei først presentert i NRK. Fleire pasientar døydde ved Sykehuset Telemark, og mange pårørande har fleire spørsmål dei ønsker å få svar på. Sjølv har Bergedal tett kontakt med pårørande til to av dei andre pasientane.

– For min eigen del undra det meg at dei som stelte mor då ho kom til sjukehuset i desember i fjor ikkje brukte munnbind og hanskar. Eg har forstått det slik at det ikkje var noko krav på den tida. Vår ryggmargsrefleks som pårørande då me besøkte mamma, var likevel å ta på munnbind. Dette handla jo om ei gamal, nyoperert kvinne i risikogruppa. Det er merkeleg at dei sjukehustilsette ikkje ville vera føre var og heller opptre strengare enn smittevernforskrifta som gjaldt på det tidspunktet, seier Elisabeth Bergedal.

Etter ho stod fram med historia til mora i Dagsrevyen har ho fått enorm respons. Pårørande frå heile landet har fortald om sjukehustilsette utan munnbind, og legar som kjem langt tettare på pasienten enn ein meter.

No må alle gå med munnbind når dei ferdast blant andre menneske i Skien, og inne på sjukehuset, men på det tidspunktet mora kom dit, måtte venninna mi  som arbeider i garnbutikk gå med munnbind, men korkje tilsette eller besøkande på sjukehuset. Dette føler Elisabeth var veldig ulogisk.
 

Dei tilsette var tett på

Då dei pårørande besøkte mora på sjukehuset, passa dei på å halde god avstand, sjølv om dei gjekk med munnbind. Dei tilsette utan munnbind, måtte gå tett opp i ansiktet på mora, då dei stelte henne.

Mor hennar hadde vore gjennom eit lenge planlagt inngrep på Rikshospitalet.

– Mamma grudde seg til sjølve inngrepet, men visste det var vegen mot eit friskare liv på sikt, så ho var jo uroa for om operasjonen ville bli utsett på grunn av pandemien, men det blei han ikkje. I tida fram mot operasjonen hadde ho svært liten kontakt med andre, fordi ho på grunn av tilstanden sin var i risikogruppa. Sjølv snakka eg berre med henne over telefon i den perioden, berre ein av brørne mine, var inne i huset hennar, for å redusera risikoen for at ho skulle bli smitta, forklarer dottera.

Heime greidde Reidun seg greitt, ho stella og stulla og gjorde det beste ut av situasjonen.
 

Såg fram til å bli bra

Mamma var glad ho overlevde operasjonen og såg fram til å bli rehabilitert. Ho kunne komme seg opp og gå litt rundt senga då ho blei smitta av korona. Det er ikkje stadfesta, men så godt som 100 prosent sikkert at det er ein av sjukehuspersonalet som smitta henne, for ho låg på einerom. Før ho blei lagt inn på Rikshospitalet, testa ho negativt på korona, forklarer Elisabeth.
Dei første dagane etter smitten blei påvist var ikkje mor til Elisabeth så veldig sjuk, og det blei bestemt ho skulle flyttast til ein sjukeheim. Men like etter blei ho veldig sjuk og pusta dårleg, dermed måtte ho tilbake til intensiven på Sykehuset Telemark.

Elisabeth Bergedal har heile tida hatt respekt for smittevernforskriftene i solidaritet med risikogruppene.
 

Me må halde ut

– Eg har vore forsiktig og hatt forståing for kor viktig denne innsatsen er. Like før jul kjende eg at eg byrja å gå lei, men etter mamma blei smitta og døydde, har eg fått ny motivasjon for å følgje reglane. Alle kan vi kjenne vi er trøytte, men denne sjukdommen kan vera farleg, så me må halda fram med  å verna dei som treng det. Munnbind er blitt ein fast del av det Elisabeth tek på seg når ho skal i butikken og handle.
Etter ho stod fram med historia til mora i Dagsrevyen, har ho fått enorm respons. Pårørande frå heile landet har fortald om sjukehustilsette utan munnbind, og legar som kjem langt tettare på pasienten enn ein meter.

Ho meiner det som skjedde med mora og dei andre pasientane i Telemark, bør vera ein vekkjar for alle landets sjukehus.
 

Ei veldig tøff tid

Saka vil bli granska vidare av Helsetilsynet, ifølge NRK. Det kan óg bli aktuelt for dei pårørande å søke erstatning.

Til NRK svarar sjukehusleiinga at dei også skal evaluera det som har skjedd ved sjukehuset i samband med smitteutbrotet.

Tida mens mora var sjuk og tida etter ho døydde har vore blytung. Det har gått betre etter gravferda, å rydde ut av husværet hennar har også vore viktig i sorgprosessen, fortel Elisabeth.

– Kvardagen går betre no, men straks eg byrjar å snakka om det som skjedde med mamma, kjem tårene. Det var maksimalt uheldig at mamma var på sjukehuset då det braut ut smitte, men slik blei det, og eg kan ikkje tenkje på det heile tida.
 
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut