Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
Kursportal_1440
Kursportal_1440_hover
03. juni 2022

Siv vaks opp med ein far som leid av paranoid personlegdomsforstyrring

Far til Siv Stafsnes Gregersen var to personar i ein, ein karismatisk og sjarmerande far det eine augneblikket, ein hustyrann det neste.
01777bd6-6f3b-41ce-ab2a-ba199e8d517c%20copy
Foto: Ragnhild Skaara Imset

Ho vaks opp med ein far som dreiv både med psykisk og fysisk vald, men det er den mentale terroren ho og resten av familien blei utsette for, som har bite seg ekstra godt fast, fortel ho.


Som vaksen kan 41-åringen slå fast at ho lever eit godt liv, på tross av ein svært tøff start. Ho har inga aktiv tilnærming til barndommen sin i dag, men ho fortalde historia sin i boka Når barn er pårørende av psykiater Anne Kristine Bergem.


Tek erfaringane med i jobben

Erfaringane frå barndommen trekker ho med seg i jobben som leiar for ei kundeservicebedrift.

– Å ha vore pårørande til ein psykisk sjuk far har gitt meg eit anna perspektiv på livet og på situasjonar arbeidstakarar står i, forklarer ho.

Faren tok livet sitt i 2010. Siv levde tett på faren heilt til ho var 26 år. Mora hadde flytta ut fleire år før, lillesøstera flytta på 18-årsdagen. Siv følte ikkje ho kunne svikta faren som blei mykje sjukare dei siste åra han levde.

– Då eg blei mor, flytta eg frå far min og det var først då eg skjønte kva psykiske påkjenningar han utsette meg for. Eg var glad i far min til tross for hans mørke sider. Etter han døydde tenkte eg at livet endeleg kunne starta.

Faren fekk diagnosen paranoid personlegdomsforstyrring.

– Når forstod du første gong at du ikkje levde i ein «vanleg» familie?

– Eg tenkte tidleg at det var noko rart med oss som familie, men eg var stor jente då eg forstod at det var han som var spesiell og ikkje familien, påpeiker Siv.
 
Infolapp%20med%20binders

Barn og unge som pårørende

​Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og finne tips og råd for hvordan barn og unge kan bli ivaretatt?

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Ta vare på barna
Group%20947

Når ho hadde overnattingsbesøk kunne faren vera veldig intens i møte med vennene hennar. Faren tok mykje plass, men kunne vera svært karismatisk og sjarmerte mange av venninnene hennar.


Frå utsida verka faren både ressurssterk og vellukka. Han dreiv si eiga verksemd med stor suksess i fleire år. Heime gjekk familien på tå hev, mora, Siv og søstera fekk ofte høyra at dei ikkje var gode nok. Det kravde svært mykje å leva opp til hans standard, hugsar Siv.


Farens messande monologar

– Ein gong eg var med han på jobb, var eg vitne til korleis han fekk ein arbeidstakar til å gråta etter å ha messa om alle hans feil og manglar i timesvis. Far min var aldri ein som heva stemma når han irettesette nokon, han berre snakka og snakka på ein massiv og intens måte. Slik braut han oss ned.

Det hende rett som det var at Siv og søstera blei vekte seint på kveden for å komma ned i stova der mora måtte stå til rette for alle hans klager. Monologane hans kunne vara i timesvis, og døtrene fekk ikkje gå i seng, før alle var samde om korleis alle skulle forbetra seg. Desse seansane kunne halda på til klokka 2 om natta, hugsar Siv.

Siv opplevde mora som evig samtykkande, ho sa han sjeldan i mot, fordi ho ville få ting til å lande raskast råd.

Døtrene måtte også alltid vega orda sine på gullvekt. Å seie at naboens bil er fin, kunne utløyse sinne hjå faren, fordi han tolka ei slik utsegn som at deira bil var stygg. Å orsaka seg nytta ikkje, nei då venta timelange utgreiingar om korleis ein framstod og korleis ein heller burde oppført seg, fortel ho.

Faren kunne også vera valdeleg mot Siv og mora. Minstesøstera slo han aldri. Siv fortel om ein barndom der ho både blei slått og sparka og kasta ned ei trapp.

– Det bisarre med oppveksten min er at eg hugsar at eg koste meg ein laurdag heile familien var ute for å handla sminke, sjølv om ærendet eigentleg var å finna ein fin dekkstift som mor kunne skjula blåmerka etter far sine slag. Eg var alltid så glad i periodane det var fred og hygge i familien.

Mora flytta ut då Siv var 17 år. Ho våga ikkje ta barna med seg, fordi ho var redd for døtrene sitt liv om ho gjorde det.

Faren gjorde sitt for å sabotera ekskona sitt samvær med barna, dermed møtte Siv ikkje mor si på seks år. Siv kjende sinne og sorg over at mora drog, men samstundes hadde ho ikkje rekna med mora i livet sitt. Livet i familien hadde lært henne at mora ikkje var tilstades, ho heldt seg i utkanten og jobba for å skjula det ho kunne.

Siv prøvde å overtyda alle om at ho og søstera hadde det bra hjå pappa.

– Korleis eg hadde det, betydde ingenting, berre pappa hadde det bra. Men eg var jo ikkje glad, det ser eg tydeleg på bilde som er tatt av meg i desse åra.
 

Det har sin pris å vera open, for det stiller deg i eit lys som du ikkje har lyst til å bli sett i. Eg likar ikkje at folk synst synd på meg eller at dei skal ta ekstra omsyn til meg.

I midten av tjueåra kollapsa Siv og var sjuk i eit halvt år. Då låg ho helst berre i senga. Heldegvis kom ho i kontakt med ein god psykolog som gjennom si erfaring som meddommar også kjende til vald i nære relasjonar. I sju år gjekk ho til psykolog.


Lærte tidleg å klara seg sjølv

Etter eit år i behandling hadde Siv fått sett erfaringane sine i ein kontekst og ho tok kontakt med mor si. Dei første møta var fine, men óg veldig tøffe for begge. I dag har Siv likevel eit godt forhold både til mora og søstera.

– Å ha levd eit liv som mitt, lærte meg tidleg at det ikkje var noko hjelp og støtte å henta frå andre. Eg måtte greie meg sjølv. Eg har aldri kjent foreldretryggleik, men har heldegvis funne ein kjærast som gjer meg trygg, seier ho.

Faren likte å skapa ei seig lang frykt i henne. Ein gong ho hadde teikna nokre prikkar på hendene sine på skulen, blei ho slått og nekta middag som straff. Beskjeden frå faren var at ho etter skulen neste dag skulle få vita om han kom til å senda henne på barneheim eller ikkje.

– Mamma kom inn på rommet mitt og kviskra at eg ikkje skulle vera redd, og at ho i så fall skulle bli med viss han sende meg bort. Eg tenkte då; du kan ikkje hjelpa meg. Det blir som han har sagt.

Siv hugsar også lange periodar der faren var blid og grei. Viss jobben og andre prosjekt gjekk bra, var han høgt oppe. Desse periodane kunne vare fleire veker. Han var i tillegg særs kunnskapsrik, og Siv hugsar mellom anna at han sat i mange timar og lærte dottera om korleis ein motor fungerte.

I dag ser ho at faren eigentleg var ein usikker mann, sterkt prega av sin eigen oppvekst med ein alkoholisert far og ei kognitivt fråverande mor. Han tolte ikkje å få sjølvkjensla utfordra.

– Fordi vi visste kor tøft han hadde hatt det, hadde familien ei høg toleransegrense for faren sin oppførsel, trur Siv.

Ho hugsar at faren sin terrorisme blei verre etter kvart som ho og søstera blei eldre.

– Rolla som far og ektemann blei stadig meir kompleks, det førte til meir terrorisering. Det blei eit stort nederlag for han då mor flytta ut. Han takla ikkje å tapa ansikt.

– Eg tek lett på meg skuld

Han var først og fremst ein terrorist innomhus. Med åra brukte han meir og meir medisinar, og kunne i mindre grad vera valdeleg. Likevel kjende den vaksne, heimebuande dottera at han framleis la lokk på livet hennar og ville ha kontroll på alt ho føretok seg. Det førte til at Siv måtte prøva å lura han og skjulte mellom anna kor mykje pensumbøkene ho trong kosta. Heile tida fekk ho skulda om noko var feil.

Oppveksten har gjort at Siv er ei som stiller høge krav til seg sjølv. Ho føler lett at ho ikkje er god nok, og er snar med å ta på seg skuld og ansvar om noko går feil. Dette er noko ho heile tida må jobba med, fortel ho.

Ennå har ho ein nesten instinktiv trong til å ta på seg skulda for alt og vera den som skal ordna opp i ting. Ho øver seg heile tida på å kunna lytta til nokon som er misnøgde, utan at ho automatisk skal ta på seg skulda.

– Dette er nok noko eg må jobba med til evig tid, slår ho fast.

Dei to barna har fått vita korleis ho vaks opp.

– Men det har sin pris å vera open, for det stiller deg i eit lys du ikkje har lyst til å bli sett i. Eg likar ikkje at folk synst synd på meg eller at dei skal ta ekstra omsyn til meg, slår ho fast.

Av og til har ho kjent seg bitter over barndommen og vondskapen som har gått frå generasjon til generasjon i farsslekta. Bitter på at faren fekk ein svært dårleg oppvekst som prega han. Som vaksen har ho innsett at dette er ingen si skuld, alle har vore eit produkt av det dei har vakse opp med. Siv vil vera den som stoppar vondskapen fra å øydeleggja den oppveksande generasjonen.

– Eg har óg kjent på frustrasjon over at ingen vaksne som såg pappa sine dårlege sider, gjorde noko? Dei siste åra han levde, var det nemleg fleire som fekk eit innblikk i oppførsla hans. Men også tidlegare må det ha vore vaksne som må ha høyrt brøl frå huset vårt eller forstått noko.


Han var både lys og mørk

Ho kjende seg letta då faren døydde, for livet hans var redusert til ingenting på det tidspunktet. Han visna sakte bort og stengde alle ute frå livet sitt. Som alltid levde det ein dualitet i han. Ein del av han ønskte seg eit friskt liv der han var ein deltakande morfar og ein far som stilte opp og hjalp vaksne barn med ulike prosjekt. Han fekk aldri møta sitt første barnebarn, men hadde kjøpt inn mange gåver og skrive kort til barnet, fortel Siv.

Som mor har ho vore livredd for å bli ein slags kopi av faren, den redsla lever i henne heile tida. Det er difor viktig for henne å ha ein  gjennomsiktig heim og mange vaksne inne i livet sitt, som utgjer eit ressurssterkt nettverk. Sjølv vaks ho opp i ein heim der foreldra ikkje hadde venner.

Ho er bevisst på at oppveksten kan gi henne vanskar med å oppeve tillit til folk og sjå det gode i andre.

Samstundes ser ho at alle erfaringane har ført med seg noko positivt.

– Sjølv om pappa reiv oss ned, er det samstundes truleg hans forteneste at det har gått så bra. Eg trur både søster mi og eg inst inne forstod at han var sjuk og ikkje eigentleg ville oss noko vondt. Eg trur me bar med oss ei grunnleggjande overtyding om at han ville oss vel.
Infolapp%20med%20binders

Barn og unge som pårørende

​Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og finne tips og råd for hvordan barn og unge kan bli ivaretatt?

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Ta vare på barna
Group%20947
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut