Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
29. mai 2024

Frå helt til utskot

Preben Wolf gjekk frå å sjå opp til storebroren sin, til å skamma seg over han. Og til å frykta at sjukdommen kanskje smitta.
Preben-Wolf
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist

Fram til han var rundt 11 år var Preben svært stolt over storebror sin. Han var skuleflink, spela hovudrolla i skulens skodespel og utmerka seg i idrett. Men så slo psykisk sjukdom, i form av schizofreni, nådelaust til. Den kule og populære storebroren blei ein som han ikkje ville kjennast ved, ein som bygda såg rart etter når han kom syklande forbi skulegarden frå institusjonen han blei plassert i.

 

Alle var heilt tause

– Bror min var blitt skrullete. Det var ordet ein brukte om psykisk sjuke den gong på 70-talet. Skamma var stor, og dette var noko me ikkje skulle snakka om, korkje heime eller ute blant folk. Heller ikkje lærarar på skulen snakka med meg om det familien stod i, fortel Wolf.

Heller ingen i helsevesenet hadde tanke for normalisera og forklara det Preben og dei to søskena hans opplevde.

Ein skulle klara seg sjølv og halda alle tankar inni seg, var tidas mantra. Faren levde i ei slags avvisande fornekting, mora tok det innover seg og bar på ei veldig skuldkjensle for at sonen kanskje var blitt sjuk som følge av feil foreldra hadde gjort.

Den 58 år gamle dansken er utdanna familieterapeut og har dei siste åra vore fast tilsett ved Pårørendesenteret i Stavanger.

Etter familien hadde levert storebroren frå seg på institusjonen var det viktig for foreldra at livet skulle halda fram som før. Dermed drog dei rett på besøk til ei tante, og alle kjensler blei lagt lokk på. Men Preben minnest at mora låg til sengs nokre dagar etter sonen blei lagt inn.
 

Skamma var stor, og dette var noko me ikkje skulle snakka om, korkje heime eller ute blant folk.

 

Alle var åleine på kvar sin kant

– Sjølv om me ikkje snakka om det som hadde skjedd, prega bror min sin sjukdom heile stemninga i familien. Det blei tausare og når me snakka saman, blei det meir stille og overflatisk. På ein måte dreiv sjukdommen hans, familien ifrå kvarandre. Me blei gåande på kvar vår kant, einsame og tenkja på det som hadde ramma bror min og oss alle, forklarer 58-åringen.

Han minnest spesielt saknet etter ei mor som han føler sorga tok i frå han, ho blei i alle fall ei fjernare mor enn ho hadde vore før. Sjølv prøvde han å vera minst mogleg til bry.

Men han grubla stadig over om sjukdommen broren hadde, også kunne smitta over på han. Frykta han kjende, kunne han ikkje gå med til nokon. Han blei skremd av at alle tagde om denne sjukdommen, og kjende seg svært einsam og isolert, midt i kjernefamilien.

Han hadde lenge dårleg samvit fordi han følte seg flau når broren sykla forbi skulen, og let som han ikkje kjente broren. Som vaksen har han forstått at skamma skuldast systemet rundt. Det var skamma, tabuet og forteiinga i samfunnet som var problemet. Ikkje han som ung gut. Preben er glad for at samfunnet har blitt opnare når det gjeld psykiske lidingar, både i heimlandet Danmark og i Norge.
 

Erfaringane er gull verd no

I dag har han eit avklart forhold til bror sin som no bur i ein tilrettelagt bustad, og har det Preben definerer som eit OK liv.

– Eg tykkjer likevel framleis det kan vera strevsamt å besøka han. Han er jo framleis sjuk, difor er det ikkje så lett å ha vanlege samtalar med han.

Preben Wolf er ikkje i tvil om at opplevingane i barndommen har kome til nytte i jobben som familieterapeut. Under utdanninga fekk han også høve til å arbeida med eigne erfaringar på ein profesjonell måte. Noko som kjem godt med i samtalar med andre som har tøffe erfaringar i bagasjen. påpeiker han.

Infolapp%20med%20binders

Barn som pårørende

Det er store individuelle forskjeller på hvordan barn og unge reagerer ved alvorlig sykdom i familien. Ved å skaffe deg kunnskap om vanlige reaksjoner, kan du som voksen bli mer oppmerksom på eventuelle forandringer hos barna.

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Barn og unges behov
Group%20947
Søsken som pårørende
Group%20947
Er det plass til mine problemer?
Group%20947
Pårørende som barn – konsekvenser som voksen
Group%20947
Å være foreldre til barn som er pårørende
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut