Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
28. januar 2019

Kva seier du til barnet når faren blir fengsla for ran?

Det spørsmålet hadde Anne i sin villaste fantasi ikkje innbilt seg at ho måtte finna svaret på. Men i fjor måtte hennar 5 år gamle son få vita at faren ville sitja i fengsel i ni månadar, dømt for medverknad til ran.
Illustrasjonsbilde
(Illustrasjonsfoto)
– Eg bad faren sjølv å forklare dette til sonen vår. Det var viktig for meg at han ikkje skulle tykkja vondt om far sin sjølv om han hadde gjort noko dumt. Me ville guten skulle forstå at det var det faren hadde gjort som ikkje var bra. Som far var han like bra som før, forklarer «Anne» som på grunn av familien ønsker ho å fortelje historia si anonymt.


Fæle fengselsbesøk

Sonen tok det likevel tungt, for han hadde heile livet vore ein pappagut, og dei første besøka hans hjå faren i fengsel blei hjarteskjerande.

For snart to år sidan blei sambuaren hennar og far til den då fire år gamle sonen deira sett i varetekt i tre veker. Det blei ei særs tøff tid for Anne som i staden ikkje ante kor sambuaren var. Då ho først fann ut av det, gjekk all kontakt via advokaten hans, for sambuaren hadde både brev- og besøksforbod. I starten ante ho heller ikkje kva brotsverk det handla om.

Anne gjekk på nett og fekk kontakt med ein pårørandeorganisasjon som gav henne råd. Ho fekk også tilsendt ei bok mynta på barn med foreldre i fengsel.

Det tok eit år før sambuaren fekk ein rettskraftig dom og blei sett i fengsel.

Eg ville vita alt som hadde skjedd. Eg lurte jo på om eg verkeleg kjende sambuaren min så godt som eg trudde.

Skal eg gjera det slutt?

Dette året før fengslinga blei blytungt. Anne var sur og skuffa over sambuaren som hadde hamna i eit slikt uføre og ho grudde seg til å vera åleine om alt i den tida han skulle sitja i fengsel.

– Det året tenkte eg fleire gonger om eg skulle gidda å vera saman med han. Eg var med i begge rettssakene, både i Tingretten og Lagmannsretten, for eg ville vita alt som hadde skjedd. Eg lurte jo på om eg verkeleg kjende sambuaren min så godt som eg trudde.

Likevel valde ho å bli for dei hadde barn saman og han hadde alltid vore ein kjempegod far, forklarer ho.

Dei ni månadane som låg føre henne blei travle, men ho greidde seg betre enn ho hadde trudd, og fann ut at det gjekk fint å vera åleine.

Likevel var ho heile tida uroleg for han som sat i fengsel. Hadde han det bra, undra ho. Økonomien blei også ei hovudpine, ho pådrog seg ein del gjeld medan sambuaren sat inne.

Den første tida han sat fengsla gjekk det to veker før han ringde.

 

Heilt taust frå fengselet

– Imens var eg blitt så uroleg at eg hadde ringt fengselet for å spørje etter han. Men dei som tok telefonen sa dei ikkje kunne seie noko som helst, om han var i fengselet i det heile. Det var svært frustrerande, fortel ho.

Frustrerande var det også å berre kunne snakke med sambuaren gjennom ein glasvegg. På grunn av denne glasveggen tok ho ikkje sonen med under dei første besøka. Ho kom i kontakt med organisasjonen For Fangers Pårørende og her fekk ho råd om kor ho kunne klage på besøksordninga.

– For Fangers Pårørende har eg ringt fleire gonger. Det er godt å ha nokon å lessa av alt det vonde til, nokon som lyttar og hjelper deg, seier ho.

Kriminalomsorga blei kopla inn og etter fem veker fekk ho besøke sambuaren i eit vanleg rom. Då kunne også sonen vere med.
 
Infolapp%20med%20binders

Påvirkning på deg og familien​

Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan familien kan håndtere situasjonen?

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Vanlige reaksjoner og belastninger
Group%20947
Grensesetting
Group%20947
Tips og råd
Group%20947
Ta vare på barna

Mange likesinna

– Sidan han var så liten ville eg at han ikkje berre skulle sitje og sjå på faren, men faktisk kunne vere nær han. Og kvar veke kom me to på besøk. På det meste fekk me vera saman med han i over to timar. I starten gret sonen vår veldig då me måtte seie farvel. Guten forstod ikkje kvifor faren hans ikkje kunne bli med heim. Men etter ei stund blei det ein vane.

For Anne blei det ei slags trøyst oppi det heile at det var mange barn på besøk i fengselet. Ho hadde kjent seg så åleine, no visste ho dei var mange.

Anne grudde seg fryktelig til første besøk i fengselet.

– Eg følte at eg også hadde gjort noko gale då eg kom inn i porten og blei låst inn på eit rom mens eg venta på at dei skulle henta sambuaren min. I starten snakka eg lite til folk rundt meg om det som hadde skjedd. Eg skamma meg, men så byrja eg å tenkje at kvifor skal eg skamma meg? Det er då ikkje eg som har gjort noko gale.

Ho forstod fort at barnehagen måtte få beskjed for guten snakka villig vekk om faren i fengselet både på butikken og andre stader.

Personalet tok han og dei to bestekompisane hans med ut på eit eige rom kor dei snakka om det som hadde hendt med faren hans.

 

Ein ny tone

– Ikkje lenge etter visste heile barnehagen det. For det meste opplevde eg forståing frå dei andre foreldra, men eg har også fått spørsmål om korleis eg kan la sonen min besøka faren i fengsel. Det verste er at mi eiga mor også er fordømmande. Ho meiner faren ikkje fortener å møta sonen sin. Far min var nok også sur og skuffa over svigersonen i starten, men han og mor hans har hjelpt meg mykje i denne tida eg har vore åleine, påpeiker ho.

Anne føler ho og sambuaren har komme nærare ein annan dei månadane han var i fengsel. Sidan dei berre hadde ei tilmålt tid å snakka saman på, forstod begge at dei måtte bruka tida godt og snakke saman på ein bra måte. I tillegg skreiv Anne brev til han kvar dag.

Desse breva hadde han med seg i ein berepose då han kom heim.

Full av tiltakslyst

Anne trur ikkje ho kunne levd vidare med sambuaren om han hadde site inne for vald eller seksuelle overgrep. Nyleg blei han igjen ein fri mann. Til hennar glede ser ho at han har tatt tak i livet sitt og beklaga det dumme han gjorde.

– Han ser at det ikkje var verd det, å vera så lenge borte frå oss. Det har plaga han at han har gått glipp av så mykje familieliv. Eg råda han til å bruka tida i fengselet godt, og ikkje berre eta og sova. Og det har han gjort, han har både teke fag og jobba i fengselet. Nå er han i gong med å få seg jobb og han brukar dagane i fridom på nyttige ting og har eit sterkt ønske om å komma seg vidare i livet. Hadde han berre ligge på sofaen, hadde ikkje forholdet vårt vore noko å satsa på.

Anne vedgår at dei første vekene etter sambuaren kom heim, kjendest det litt rart, fordi ho hadde blitt så van med å vera åleine og ordna ting på sin måte.

– Men nå går det betre. Det er kjennest godt å vera to om ansvaret og nå gler eg meg til å ta fatt på eit heilt vanleg liv att, avsluttar ho.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut