Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
Kursportal_1440
Kursportal_1440_hover
27. april 2022

Sonen til Anne Kristin var avhengig av å spela

Mora kjende på ei stor avmakt då sonen Mattias gradvis byrja å game meir og meir. Ho såg det bar gale av stad, men greidde ikkje gjera noko med det. I staden for å kjempa med sonen sin, kjempa ho mot han.
Anne%20Kristin%20Bruns%20(2)
I tillegg bar ho på ei stor skam over å ha ein son som spela altfor mykje dataspel. Men historia om Mattias enda godt. No er han i fullt jobb som miljøterapeut og arbeider med unge menneske som slit med å finna balansen mellom dataspel og andre fritidsaktivitetar.


Ho fann løysinga

Nøkkelen til å løyse det heile, viste seg å liggja hjå mora sjølv.

– I mange år gneldra og kjefta eg på sonen min fordi han spelte så mykje, men eg sette meg aldri ned med han og spurte kva gaminga gjekk ut på. Eg tenkte heller i denne tida ikkje over kva eg trass alt likte med guten min. Det at han var ein fin fyr med eit behageleg vesen som folk likte å vera saman med, gjekk meg hus forbi. Merksemda mi var berre retta mot det eg ikkje likte at han gjorde, å spela. Dermed gjekk eg rundt han, konstant irritert og sint. Det hende og eg klappa saman pc-en hans når me skulle eta middag, sjølv om han var midt inne i ein virtuell kamp. Eg ville jo aldri henta han av banen i ein fotballkamp for å eta middag. Samstundes har og sonen min i ettertid sett at me sleppte han for langt, han skulle ønskt me gav han klarare grenser for spelinga då han var ein ung gut, fortel Anne Kristin Bruns.

Konsekvensen av mora si konstante misnøye blei at sonen trekte seg bort frå henne. Det førte til at mora også kjende på negative kjensler av heile tida bli avvist. Kva sonen følte, tenkte ho ikkje på. Eit barn treng å bli anerkjent av foreldra. Korleis opplevest det då at foreldra tykkjer det du elskar og er god på, berre er noko stort tull, er spørsmålet ho stiller seg i dag.


Under radaren

Når Anne Kristin ser tilbake på det heile, skjønar ho korleis det kunne skje. Mattias var eit av dei to mellomste barna i søskenflokken på fire. Livet var veldig travelt, og Anne Kristin hadde mykje å følgja opp med barn i ulik alder. I tillegg kravde jobb og hennar eigne fritidssysler mykje tid og krefter.

– Han var som eit såpestykke som heile tida glapp for meg, men han var alltid ein veldig stille og grei gut, og fordi det var så travelt i heimen, passa det meg i starten godt at han sat stilt og fint med PC-en sin. Og i den tida var han også meir aktiv, han spela hjå kameratar og var med på ulike idrettar, men gradvis tok spelinga overhand, noko som gjekk under radaren min såpass lenge at det blei eit problem, erkjenner ho.

Anne Kristin ser at ho burde prioritert bort ein del av sine eigne hobbyar i denne travlaste småbarnstida, for å kunna ha nok tid og krefter til å sjå alt som skjedde i heimen, og overskot til å stå i dei kampane som krevst når barn skal oppdragast.
Infolapp%20med%20binders

Påvirkning på deg og familien​

Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan familien kan håndtere situasjonen?

Her kan du lese mer om dette:

Me må ta leiartrøya

– Som foreldre er me leiarar i familien. Du kan gjerne vera sjef på jobb, men lett gløyma at du skal vera det heime også. Det er du som forelder som skal setja grenser, setja ned foten, vera ein vegg for barnet ditt og greia stå i det, sjølv om avgjerdene dine haustar heftige protestar. Foreldra må syta for at barna våre har ein sunn balanse mellom den virtuelle verda og den fysiske, me må ha kreftene dette løpet krev, for det kan til tider vera tøft. Samstundes skal ein ikkje gjera dataspel til noko altfor negativt. Det er lurt  å sjå på gaming som ein annan fritidsaktivitet, som til dømes fotball. Barn som er glade i fotball, spelar gjerne kvar dag. Det kan ein som er glad i gaming gjera også, men då betyr det trass alt eit avgrensa tal timar kvar dag, og ein tek heller ikkje nettene i bruk, understrekar Bruns.

Ho meiner skjermtid er eit viktig verktøy når barna er små.

– I denne fasen er det foreldra som styrer barna utanfrå. Seinare skal dei læra seg å styra seg meir innanfrå. Då må me ha gitt dei gode verktøy for sjølvregulering. Feilen mange av oss gjer er at me slepper barna for lett, let dei få bestemma litt for mykje litt for tidleg, gjerne i tiårsalderen, fordi dei tilsynelatande verkar så fornuftige. Ofte viser det seg å bli eit feilspor, og det kan bli verre å hanka dei inn att når dei kjem i tenåra, påpeiker ho.

Anne Kristin fortel at spelinga til Mattias blei ei kime til konflikt mellom henne og ektemannen, Steve. Han var også uroleg for spelinga, men ikkje like kjenslemessig involvert som mora.

– Det var noko vi snakka mykje om,  og til tider var ueinige om korleis vi skulle takle. Han meinte at eg overreagerte. Eg derimot meinte at han ikkje tok det alvorleg nok. Denne striden mellom oss var ikkje alltid enkel å takle, vedgår ho.


Positiv interesse

Mattias greidde trass spelinga å møta opp på skulen, det gjorde han også på vidaregåande. Men mora registrerte at nattgaminga også auka på. Stor var letten hennar då han tok andre året på vidaregåande som utvekslingsstudent i eit afrikansk land utan stabil nettilgang. Det året gjorde at sonen fekk oppleva omverda på ein annan måte, og ho merka at han hadde reflektert rundt si eiga speling medan han var i utlandet.

Likevel tok det ikkje lang tid før han byrja å game då han kom heim. Det gjorde at mora kravde at han fekk seg ein helgejobb. Han fekk jobb på ein sjukeheim og dermed visste mora at kvar tredje helg blei det  mykje mindre dataspeling på han.

Då han starta på siste året på vidaregåande bestemte mora seg for å ta grep med sine eigne haldningar til sonen si speling. Ho såg også at spelinga gav han eit sosialt liv, for det første chatta han med andre gamarar, og etter året i utlandet dukka i større grad også gamingkompisar fysisk opp i kjellarstova for å spela saman med Mattias. Mora spurte venene hans om korleis dei hadde det med gaming og bakte bollar til gjengen. Ho gjorde det ho kunne for å bli ei positiv og interessert kraft rundt sonen.
 

Han var som eit såpestykke som heile tida glapp for meg, men han var alltid ein stille og veldig grei gut, og i starten passa det godt at han sat stilt og fint med PCen sin.

På hans banehalvdel

Det verka, mor og son fekk til ein mykje betre dialog om spelinga då ho byrja å visa ekte interesse for det han dreiv med. Ho skjøna at dataspela gav sonen adrenalinkick, spenning og utfordringar, men har aldri sjølv heilt greidd å forstå kva som er så fascinerande med desse spela, som for henne verkar som ei mørk verd, full av kampar. Det er likevel, ifølge Anne Kristin, utruleg viktig å visa respekt for barna sine hobbyar, og ikkje berre heie fram barna som er på idrettsbanen. Ho veit og at i mange familiar er dataspel ein hobby som både barn og foreldre kan ha glede av saman. Mor og son hadde då fått eit godt forhold, og kunne no snakka om speling utan at det blei konfliktfylt.

Og det er i fredstid ein kan meisla ut dei gode retningslinjene som begge partar kan vera samde om, er hennar klare råd.

Hausten etter vidaregåande gjekk Mattias eit år på folkehøgskule, der fekk han også tankane bort frå spelinga og hadde mange kjekke opplevingar i det verkelege livet. Deretter starta han studentliv i Volda og mora var spent på korleis han ville takla gaminga utan familien rundt seg.

Ho snakka jamleg med han på telefon, og spurte korleis det gjekk. Sonen let vel, men var litt vag i svara sine, og det ante mora at spelinga kanskje igjen hadde blitt ein altfor stor del av livet hans. Ho kjende den gamle maktesløysa og apatien komma snikande. For kva hadde ho å stilla opp mot ein vaksen son som budde heimanfrå?

Provet på at det hadde blitt smått med lesing kom då han strauk på bacheloren. Det blei ein skikkeleg vekkjar for sonen, fortel ho.


Alvoret seig inn

Mora gav han beskjed om at han hadde evnene som skulle til for å gjennomføra og meir eller mindre kravde at han skulle skriva oppgåva på nytt. Ho har same utdanning og hjalp sonen å finna ei god problemstilling. Sommaren blei tøff for begge, men mora fekk gitt han nytt mot, og det viktigaste, sonen fekk ei djupare erkjenning av at gaminga var blitt eit problem han måtte ta tak i.

Han skjønte at spelinga var blitt så omfattande at ho øydela for han. Men Anne Kristin stod saman med sonen i kampen, og ho fekk ordna det slik at Mattias fekk skriva bacheloren på nytt same haust. Sidan har livet gått rette vegen for Mattias som har busett seg i heimbyen. Han har fått ein jobb han stortrivst i og har eit godt nettverk av venner. Spelar gjer han framleis, men først og fremst i helgane. Nå er det jobben som har førsteprioritet i vekene og mora er viss på at sonen lever meir i den verkelege verda enn i den virtuelle no. 

Anne Kristin har også forstått at sonen har fått seg ein posisjon i e-sportsverda, og blei både stolt og imponert då han kunne fortelja henne at han ein periode var Twitter-ansvarleg for tidlegare kjent e-sportslag frå Skotland. No skal han også ha ei sentral rolle som moderator under ei global e-sportsturening.

Hugs å ver ein god rollemodell

Mora fann ut at når ho gidda å spørja fekk ho innsikt i ei interessant verd som har vore heilt framand for henne. Dessutan er Mattias gullgod å ha når nokon i familien treng IT-støtte, legg ho til.

Rådet hennar til foreldre som har barn som er i overkant glade i gaming, er å køyra dei til e-sportssenter der dei også fysisk får møta likesinna og slik får trening i sosial kompetanse. Ved desse sentra er det også vaksne til stades som kan gi ungdommane rettleiing.

– Hugs at det som regel går godt, men eg innrømmer at eg i dei tyngste stundene såg for meg å ha ein vaksen som i kjellarstova som gama seg vekk frå jobb og sosialt liv. Det går godt med dei aller fleste, men det er viktig å ta grep og hjelpa den det gjeld med å endra kurs, minner ho om.

– Slik sett er det også viktig at me vaksne går føre som gode rollemodellar, for det er ikkje berre gaming ein kan bli avhengig av. Sjølv øver eg meg på å leggja bort telefonen for å ikkje bli sitjande og scrolle heile tida, og no under dette intervjuet har eg lagt mobiltelefonen min ned i veska, for å kunna snakka uforstyrra.

Anne Kristin har sin eigen YouTube-kanal kalla  «Til bords med Anne Kristin». Der har Mattias og mora ein serie på fire episodar om gaming og deira måte å takle denne utfordringa på.  
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut