Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
08. mai 2024

Då far blei sjuk, glei dottera inn i skuggane

Barn som pårørande er blitt gradvis meir synlege i løpet av dei siste tiåra. Unn Sissel Nedland var barn og pårørande i ei tid då nesten alt skulle teiast om. Det har gitt henne kunnskap og motivasjon til å gjere sitt til at barn som pårørande ikkje blir gløymt i dag.
Unn%20Sissel
(Illustrasjonsfoto)
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist

Fram til Unn Sissel var elleve år, var ho farens augestein. Så blei faren alvorleg sjuk som følge av ein hjerneskade etter tortur på Grini under krigen. Den lyse og lette barndommen gjekk i svart. Det blei tyst og taust rundt barnet, ingen såg henne, det var mora som fekk omtanken frå dei rundt.

På slutten av 50-talet og på begynnelsen av 60-talet var barn som pårørande noko som sjeldan fekk merksemd. Det var dei vaksne sine utfordringar det blei kviskra om i krokane, men også i vaksenverda skulle mykje hysjast og dyssast ned, minnest Unn Sissel Nedland.

– Om meg sa dei berre “Unn er så stor og flink”. Det var mor dei uroa seg for. Men eg var ikkje flink, eg var berre 11 år då far blei sjuk. Og eg blei sint, sint på far som forsvann for meg, eg blei mistruisk og avviste vener. Når min eigen far svikta meg, korleis kunne då nokon andre bli glade i meg?
 

 

– Mor og eg blei sinte

Unn Sissel Nedland er i dag ei kvinne på 80 år. Det har teke stavangerkvinna eit langt liv å jobba med minna frå barndommen. Dei siste åra har ho brukt erfaringane og kunnskapen sin til å hjelpa andre gjennom arbeid for Røde Kors.

Barndommen skulle kasta skuggar langt inn i ungdomstida og vaksenlivet for Unn Sissel. 
 

Eg var attpåklatten. Begge mine eldre søsken hadde flytta heimanfrå då far blei sjuk. Dermed blei dei ikkje råka av sjukdommen hans på same måte som eg og mor mi. 


Det var på midten av 50-talet faren fekk påvist hjernesvinn. Han var stadig oftare sjukmeld frå jobben som ingeniør, og Unn merka at stemninga blant foreldra endra seg. Økonomien gjekk nedover mens han var sjukmeldt, og pengenauden blei endå større då faren etter ei tid blei heilt ufør.

– Korkje mor eller meg takla fars sjukdom på ein god måte. Me følte oss begge svikta. Mor mista ein forsørgar og ein levestandard ho var vand med, og i våre kretsar på den tida sømde det seg ikkje for ei gift kvinne å jobba. Eg mista ein far som forguda meg. Eg og mor tok det som ei personleg fornærming at far og ektemann blei sjuk, spissformulerer ho.


Frå pappajente til ingenting

Sjukdommen tok frå pappajenta ein kjærleg far som ikkje lenger responderte på dotter si slik han hadde gjort før.

– I den tid skulle barn ikkje høyrast, eller vera til bry, men eg minnest at eg heime blei sint og sur og smelte med dører. Venninnene mine begynte å snakka om gutar, eg brydde meg ikkje, for eg hadde inga tru på at nokon gut ville sjå syn på meg, når min eigen far ikkje lenger var glad i meg.

Ho fekk vita at farens hjernesvinn ville bli verre med åra. Etter ei stund kunne han ikkje lenger gå trygt i trapper, så familien måtte flytta frå einebustad til blokk. Det blei ein sosial nedtur for mora, hugsar Unn.

Økonomien var stadig ei kjelde til uro og gjorde at Unn mellom anna ikkje kunne vera når klassen samla skulle på framsyning i teateret. Dei einaste som såg barnet som pårørande var nokre legar, for det hende ho fekk bli med mora til samtale med legane om faren sin tilstand. Elles var det ingen lærarar som spurte, heller ikkje elevar, men Unn fortalde heller aldri noko, for farens sjukdom var hefta med skam.

 

Skammas reise til Dale

Og skamma blei ikkje mindre då han måtte flyttast til Dale dei siste åra han levde.

Faren var då han var frisk ein mild og kjærleg mann som var elska av sine tilsette i Havnevesenet, fortel dottera. Og sjølv lenge etter han blei sjuk, ønska han å beskytta dotter si, men ikkje på ein god måte.

– Når mor kjefta på meg, kunne far bli litt valdeleg mot mor, ein gang knuste ho eit ribbein etter å blitt slengt mot eit dørhandtak. Hovudet mitt var så fullt av alvor i desse ungjenteåra. Venninnene mine og eg sydde mykje av våre eigne klede i denne tida, og ute levde eg tilsynelatande normalt.
 

Der venninnene grubla over om dei skulle sy med grøn eller raud sytråd, lurte eg mest av alt å korleis stemninga var mellom mor og far då eg kom heim frå skulen. Er far roleg i dag eller ikkje?


Den tronge økonomiske situasjonen prega også familielivet i stor grad. Mora opna seg meir og meir til dottera. Det var viktig å skjula for omverda kor dårleg råd dei hadde. Unn hugsar enno den spydige kommentaren frå ein lærar på Kongsgård då ho ikkje hadde råd til å bli med klassen på teateret.

Og det kom attpåtil frå ein lærar som visste om den vanskelege situasjonen heime.

 

​– Dette slit på dotter di

Farens sjukdom gjorde at den skuleflinke jenta som drøymde om å bli arkitekt, mista konsentrasjonen, og måtte sjå karakterane gå nedover. 

– Far stimulerte og inspirerte vitetrongen min då han var frisk. Vakuumet blei stort då han ikkje lenger var der for å hjelpa meg med lekser og motivera meg til å søka ny kunnskap. Eg sa mykje nei i denne tida, og var ofte sint.

– Mor tok meg med på besøk til far på Dale kvar laurdag i starten, fram til ein lege råda mor til å ikkje ta meg med så ofte, fordi han såg at det sleit på meg. Han var ein av få vaksne som såg meg som barn og pårørande.

Heimesituasjonen derimot blei betre no når mor og dotter ikkje lenger hadde far og ektemann i nærleiken døgnet rundt.Kvardagane blei enklare og mor og dotter kom nærare ein annan gjennom gode samtalar. 

– For meg var det godt å heile tida sleppa å sjå han som eg følte sveik meg. Eg blei meir avslappa. men det enda med at eg kraup opp i mor si seng om nettene, for eg trong tryggleik.

Far til Unn Sissel døde då ho var rundt 18 år.

Infolapp%20med%20binders

Barn som pårørende

Det er store individuelle forskjeller på hvordan barn og unge reagerer ved alvorlig sykdom i familien. Ved å skaffe deg kunnskap om vanlige reaksjoner, kan du som voksen bli mer oppmerksom på eventuelle forandringer hos barna.

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Barn og unges behov
Group%20947
Vanlige reaksjoner hos barn som pårørende
Group%20947
Å snakke med barn og unge om sykdom
Group%20947
Å være foreldre til barn som er pårørende

Anger over alt sinnet

– Då kom sorga og eg klandra meg sjølv for at eg ikkje hadde vore snill. Eg hadde fått meir sjølvinnsikt, også mor gjekk gjennom ein liknande prosess. Men som 11- åring var det ingen annan måte for meg å forhalda meg til fars sjukdom enn som eit barn.  

Ifølge Unn Sissel  blei det forventa at ho var stor og flink, men den ulukkelege jenta fekk ikkje hjelp til å forstå kva ho gjekk gjennom.

Unn Sissel er sikker på at ho hadde unngått skilsmisse og som gjorde at ho såra ein god mann, om ho ikkje hadde hatt desse påkjenningane som barn og pårørande. Ein søken etter tryggleik førte henne nemleg inn i eit forhold med ein eldre gut. Omverda forstod ikkje at ho leita etter ei trygg hamn, og blei difor svært overraska over valet ho tok av kjærast.

 

Odd var ein kjernekar, men me kom frå heilt ulike familiar. Men i ettertid såg eg at det eg trong då var ein slags trygg og traust farsfigur, og det fann eg i Odd.


 

Gifta seg med ein reservefar

– Eg trefte ein gild og staut gut då eg var 16 år.  Me forlova oss då eg var 18 år. Han var ein del eldre og hadde fast jobb. Me hadde svært lite til felles. Odd var ein kjernekar, men me kom frå heilt ulike familiar. Men i ettertid såg eg at det eg trong då var ein slags trygg og traust farsfigur, og det fann eg i Odd. Han kom ofte bort til meg i storfriminuttet på gymnaset. Han sa ikkje så mykje, men berre det at han var der gav meg tryggleik og styrke.

– Odd dyrka meg og han berga meg. Han blei farsreserven min, men det kunne jo ikkje gå i lengda, så eg valde å gå frå han. Det var vondt både for han og meg, og kunne vore unngått om nokon hadde sett smerta mi som barn. Då hadde eg nok aldri gifta meg med Odd. Men eg vil alltid vera takksam for alt det gode han gjorde for meg og barna våre. Og me greidde heldigvis å behalda vennskapet etter me blei skilde. No er han død.

 

Til hjelp for andre

Som 80-åring har ho for lengst snudd opplevingane frå barndom og ungt vaksenliv til erfaringar som ho mellom anna har brukt i arbeidet for Røde Kors Omsorg.

– Det eg har vore gjennom har gitt meg ballast og styrke til å takla motgang. Det som ikkje drep deg, gjer deg sterkare. Gjennom dette har eg fått større forståing for andre sine livssituasjonar. Eg kan vera ein betre hjelpar og ein god samtalepartnar, poengterer ho.

Unn Sissel  har halde mange kurs om psykososial førstehjelp, då kjem erfaringane frå eige liv godt med.

– Eg veit jo kva eg snakkar om, og for meg har det vore viktig og godt å få venda det negative til noko positivt, seier ho.

Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut