Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
14. mai 2024

Då Linnéa var tre, fekk storesøster kreft

Då Katrina (19) fekk kreft for ti år sidan, råka det heile familien. Ikkje minst dei to yngre søskena hennar, Linnéa og Jesper. Mor Anette Larsen og ektemann Glenn Kristian Larsen har hatt mykje dårleg samvit for at dei andre barna i familien fekk for lite merksemd frå dei vaksne i nokre år då det stod på som verst.
IMG_3436%20copy
F.v. Anette, Katrina og Glenn Kristian.
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist

– Likevel angrar me ikkje på noko, for me kunne ikkje gjort noko annleis. Det var frykteleg vanskeleg, men me måtte vera der det brann mest. I slike situasjonar er ein heile tida nøydde til å prioritera det aller viktigaste, sjølv om det har sin pris for dei andre i familien, understrekar dei to. 

Glenn Kristian har to barn frå eit tidlegare ekteskap. Sidan dei ikkje levde like tett på, var det vanskeleg for dei å godta. Anette og Glenn hadde likevel alltid eit blikk på søskena, og av og til tok dei barna med seg kvar for seg, for å gi dei litt åleinetid saman med ein av foreldra. 

Jesper var 8 år og Linnéa var 3 år då Katrina blei kreftsjuk.

 

Heime, men ikkje til stades

Anette og Glenn Kristian meiner det er viktig å snakka med søskena om opplegget i familien undervegs. Boka om kjemomannen Kasper var til god hjelp når dei vaksne skulle snakka om sjukdommen til Katrina til dei andre søskena.

Familien frå Sirevåg har no heldigvis kome tilbake til ein normal tralt. Katrina har vore friskmeldt i 7 år, og søskena Linnea (13) og Jesper (17), har falle til ro. Lillebror Lucas blei fødd året etter Katrina blei friskmeldt. Han knytte tette band med Katrina sidan ho var mykje heime på grunn av seinskadar etter behandlinga.
 

Det var frykteleg vanskeleg, men me måtte vera der det brann mest. I slike situasjonar er ein heile tida nøydde til å prioritera det aller viktigaste, sjølv om det har sin pris for dei andre i familien.


– Heldigvis hadde me eit godt nettverk rundt søskena. Både besteforeldre, tanter og onklar stilte opp for dei yngste barna då me var i Bergen med Katrina, fortel Anette og Glenn Kristian, som er bonusfar til Katrina.

Tilværet var lenge hektisk og det var vanskeleg å legga planar. For sjukdommen til Katrina måtte komma først. Fekk ho brått feber, kunne Anette og Glenn Kristian ikkje komma heim til helga saman med storesøster, som dei hadde lova. Å bli skuffa over planar som måtte endrast på kort varsel, blei noko dei to yngste søskena måtte venna seg til.

Av og til reiste Anette og Glenn Kristian på skift til Haukeland. 

– Men sjølv om eg fysisk var heime, så var ikkje hovudet mitt påkopla dei rundt meg. Søskena merka at eg var fråverande, og hadde tankane mine hjå Katrina, fortel Anette.

Separasjonsangst

Når foreldra var heime ville yngstejenta Linnéa helst ikkje sleppa dei ut av syne.

– Ho ville aldri sitja inne i bilen viss eg skulle inn og gjera eit kjapt ærend i ein butikk. Nei, då fekk ho nesten panikk om ho ikkje fekk bli med meg inn, fortel Glenn Kristian.

Ein kvardag der barna sovna med foreldra heime i huset, og kanskje vakna opp til ei bestemor eller tante neste morgon, fordi foreldra hadde måtta dra til eit sjukehus, var ikkje uvanleg. Det å ikkje vita kven ho vakna opp til i huset neste dag, sette sitt preg på Linnéa, vedgår foreldra.

For Jesper som berre er eit år yngre enn storesøstera, blei det ekstra tøft.
 

Jesper blei veldig redd, men han sa lite, for det var vanskeleg for han å vera open om kjensler. Han har fortald oss at det tok lang tid for han å finna tilbake til plassen sin i familien.


Kreftomsorg Rogaland har følgt opp familien i mange år og gjer det framleis. 

– Dei såg heile familien og tok godt vare på søskena til Katrina også. Me har ein fast kreftsjukepleiar som kom heim til oss. Ho snakka med barna, både Katrina og søskena, og følgde opp ting som hadde med barnehagen og skulen å gjera. Ho såg kor me var, kor me hadde vore og kvar me var på veg, seier Anette.

Kreftsjukepleiaren frå Kreftomsorg Rogaland hadde samtalar med søskena ein og ein. Foreldra kan ikkje få fullrost innsatsen hennar, for det er lett å gløyme at det ikkje berre er vaksne som er triste og urolege når nokon er sjuke i familien.

 

Høglydte barn

Paret vil også trekka fram ei veke familien fekk på Montebellosenteret, som er ein nasjonal helseinstitusjon for kreftpasientar og deira pårørande.

Der blei dei delte inn i tre grupper, ei for foreldre, ei for dei sjuke barna og ei for søskena til dei sjuke barna. 

– Etter den veka følte me det blei meir ro i familien, for i tida med sjukdom var det ofte høglydte kranglar blant søskena. Å vera på Montebellosenteret gjorde dei godt, for der fekk dei tid til å sleppa til med kjenslene sine, blant andre barn som også var pårørande. Og om dei ikkje våga å seia kva dei tenkte, kunne dei nikka attkjennande til det andre sa.

Paret legg til at søskena naturlegvis også var flinke til å vera stille om Katrina var heime. Dei visste ho ofte trong ro. Men halvtanna år med å stadig ta omsyn, kan barn bli slitne av, seier Anette og Glenn Kristian.

Infolapp%20med%20binders

Barn som pårørende

Det er store individuelle forskjeller på hvordan barn og unge reagerer ved alvorlig sykdom i familien. Ved å skaffe deg kunnskap om vanlige reaksjoner, kan du som voksen bli mer oppmerksom på eventuelle forandringer hos barna.

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Barn og unges behov
Group%20947
Søsken som pårørende
Group%20947
Vanlige reaksjoner hos barn som pårørende
Group%20947
Å snakke med barn og unge om sykdom
Group%20947
Å være foreldre til barn som er pårørende

Katrina blei sjuk 4. mai 2014 og friskmeld 16. november 2016. Men åra med kreftbehandling hadde tært på henne, så mora var mykje heime med henne i tre år etter ho var ferdigbehandla.

Då familielivet hadde begynt å komma inn i vanlege rutinar igjen, fekk mor til Anette kreft.

– Då opplevde me ein slags reprise på det som skjedde då Katrina var sjuk. Barna fekk eit tilbakeslag, og måtte sjå at mora på ny glei ifrå dei, for no gjekk mykje av Anette si tid med i telefonen.

 

Føler seg mindre annleis

Familien har snakka ein del om det som skjedde då Katrina var sjuk og sleit med seinskadar. 

– For oss og for Jesper var det viktig at han fekk behalda dei normale rammene i livet sitt. Difor heldt han fram med fotballtreningar og var mykje på garden til besteforeldra sine. Linnea som berre var tre år då storesøster blei sjuk, ville gjerne vera med oss saman med Katrina, og me tok henne med når det passa.
 

Me har sagt til dei at me gjorde så godt me kunne, og at det var trygt for oss å vita at dei var saman med andre slektningar då me måtte vera på Haukeland med Katrina.


Alle barna har funne seg godt til rette i Barnekreftforeningen og har stor glede av arrangement i deira regi.

– Å bu i ein familie der det meste handlar om kreft, skil deg ut på skulen og blant venner. I Barnekreftfamilien er dette normalen for barna dei møter, og det kjennest godt å møta likesinna også for barn, for då føler ein seg ikkje så annleis, påpeiker Anette og Glenn Kristian.

 

Familiehus viktige

Ved eit høve fekk dei ta med heile familien til Bergen og bu ei veke i eit familiehus. Men vanlegvis er det ikkje lagt til rette for at heile familien kan delta på behandlinga. På sjukehuset er det vanlegvis berre rom for at ein pårørande overnattar. Men no skal det investerast i fleire familiehus nær Haukeland. Pengar frå årets TV-aksjon går til Barnekreftforeningen som bygger desse husa, fortel foreldra. Dei følte ikkje at søskena fekk så mykje merksemd frå helsevesenet medan Katrina var i behandling, men meiner å sjå at barn som pårørande er blitt viktigare no etter Katrina var sjuk.

Regelmessig set familien seg ned og snakkar om tida som har vore. Dei ser då av og til også på bilde og filmar frå tida då Katrina var sjuk.

– Det gir oss alle ei glede over at ho er blitt frisk igjen, men til vanleg snakkar me lite om sjukdommen. Det er godt å sjå at også søskena har fått tilbake eit vanleg liv. Og heldegvis har me også fine minne frå tida med sjukdom. 17. mai-feiringa på Haukeland, der heile familien var invitert, blei ei veldig spesiell og god oppleving for både store og små. Finare markering av nasjonaldagen har me aldri hatt, slår dei fast.

Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut